Vestnytt si dekning av Urtebakeriet og salet av eigedomen på Algrøy vart klaga inn til Pressens Faglige Utvalg (PFU). Klagar var Urtebakeriet, som dreiv næringsverksemd på Algrøy fram til dei selde eigedomen i fjor. Avisa var klaga inn på heile fem punkt i Vær Varsam-plakaten, men vart frikjent på alle punkt.

Fekk imøtegå kritikken

Urtebakeriet hevda i klagen at dei ikkje hadde fått anledning til å svara på påstandane om at dei hadde drive staden på Algrøy utan nødvendige godkjenningar og dermed ulovleg. Det var løyver knytt til bruken av ulike bygg og tiltak på eigedomen som mangla.

PFU kom til at Vestnytt hadde gitt Urtebakeriet anledning til å imøtegå påstandane, og at dei fekk god nok tid på seg til å svare.

– Klagar har hatt tilstrekkeleg med opplysningar til å kunne kommentere. Avisa har hatt eit godt kjeldetilfang, og det dei har skrive, har dei dekning for hos ulike kjelder, sa utvalsmedlem Nina Fjeldheim då PFU behandla klagen denne veka.

– Det er lett å forstå at det er krevjande å få eit kritisk søkelys retta mot seg og verksemda, men eg er einig i at dette ikkje er brot, kommenterte Ingrid Rosendorf Joys.

Nina Fjeldheim (t.v.) er ein av tre representantar frå allmenta i PFU. Foto: Skjermdump frå sendinga til Pressens Faglige Utvalg

Får det ikkje til å gå i hop

Også i postar spreidd på Facebook har Kirsti Johanne Back og Urtebakeriet hevda at Vestnytt ikkje gav dei anledning til å svare på det som kom fram.

I klagen hevdar Urtebakeriet at Vestnytt ikkje hadde grunnlag for å skrive at dei mangla godkjenningar, og at dei kunne ha lagt fram dokumentasjon på at alt var i orden dersom Vestnytt berre hadde gitt dei tid og anledning.

Slik dokumentasjonen har dei så langt ikkje lagt fram verken for Vestnytt, Øygarden kommune eller ny eigar. Også i deira eige salsprospekt står det om tiltaka på eigedomen som ikkje var godkjende.

Motsetninga mellom påstanden om at alt var i orden og deira eigne opplysningar i salsprospektet var det fleire av PFU-medlemmene som kommenterte.

– Eg får ikkje det til å gå i hop, sa NRK-redaktør Stein Bjøntegård.

Ingenting kritikkverdig

– Sjølv om Urtebakeriet nok kan føle at dette vart ei kinkig sak, kan eg ikkje sjå nokon teikn til grunnlag for klage, sa varamedlem Asle Toje.

I konklusjonen skriv PFU følgjande:

«Utvalet merkar seg at dei påklaga artiklane baserer seg på både munnlege kjelder, dokument og offentleg informasjon. Opplysningane er sjekka med dei involverte partar, og PFU kan ikkje sjå at Vestnytt har gjort noko kritikkverdig i sin kjeldekritikk og opplysningskontroll. Vestnytt har ikkje brote god presseskikk.»

Slik konkluderte PFU:

Pressens Faglige Utvalg (PFU) minner om at det er pressens rett å informere om det som skjer i samfunnet og avdekke kritikkverdige forhold, jf. Vær Varsom-plakatens (VVP) 1.4. PFU har samtidig forståelse for at det er ubehagelig å få et kritisk søkelys på egen virksomhet.

Rimelig tid til å svare for seg Utvalget merker seg at det står ord mot ord når det gjelder klagers krav om å få spørsmål skriftlig. Det presseetisk mest relevante er etter PFUs mening likevel om klager fikk seg forelagt anklagene, og fikk rimelig tid til å imøtegå disse, jf. VVP 4.14 om retten til samtidig imøtegåelse. Slik utvalget ser det, bekrefter opplysninger i tilsvarsrunden at klager både fikk imøtegå påstander fra nye eiere og fra kommunen. PFU merker seg også at megler ba om å få spørsmål skriftlig, fikk dette, og derigjennom belyste saken.

Mediet plikter å sørge for at overskrifter, henvisninger og ingresser ikke går lenger enn det er dekning for i stoffet, jf. VVP 4.4. I de påklagede artiklene fremmer kommunen påstander om at det tilbake i tid har vært mangler på løyver og godkjenninger. Utvalget finner at det var dekning for Vestnytts tittel og ingress.

God bredde i kildetilfanget VVP 3.2 krever at mediet er kritisk i sitt valg av kilder, og kontrollerer at opplysninger som publiseres er korrekte. Det er samtidig god presseskikk å tilstrebe bredde og relevans i kildevalget. Utvalget merker seg at de påklagede artiklene baserer seg på både muntlige kilder, dokumenter og offentlig informasjon. Opplysninger er sjekket med de involverte parter, og PFU kan ikke se at Vestnytt har gjort noe kritikkverdig i sin kildekritikk og opplysningskontroll.

Vestnytt har ikke brutt god presseskikk.