Til tross for at det i år blir ein litt annleis nasjonaldag, har kommunen lagt opp til at innbyggjarane likevel skal få 17.mai-stemning.

Skulebarn, barnehagebarn, ordførar og fleire andre har hatt ynskje om å bidra til at også årets 17.mai-feiring skal bli spesiell.

Ordførar Tom Georg Indrevik leiar i Ungdommens kommunestyre Karoline Sæle Einevoll held tale, fleire bidreg med kulturinnslag, og heile ti skular og ein barnehage har sendt inn bidrag til sendinga.

Både 17.mai-sendinga og andre hendingar kan du følgje hos oss i Vestnytt denne dagen.