Tunnelen på riksveg 555 vart stengt kring klokka 11.45, etter det politiet då omtalte som eit trafikkuhell. Operasjonssentralen i Vest politidistrikt opplyste at vestgåande tunnelløp kunne verta stengt ei stund.

Klokka 16.22 melde Vegtrafikksentralen at Damsgårdstunnelen er open att, men at det vil vera saktegåande kø i området rundt Bergen i lang tid.

Omkøyring er om Laksevåg, alternativt Fjøsangervegen, Straumevegen og Knappetunnelen.

Dødsulukke

Kring klokka 12.15 melde politiet at det viser seg å vera ei dødsulukke som har funne stad i tunnelen. Dei melde at årsaka til ulukka enno ikkje er klarlagt.

– Tunnelen vil vera stengt ei god stund, melde politiet.

Klokka 13.17 melde Vegtrafikksentralen at Damsgårdstunnelen, i retning mot vest, ville vera stengt i fleire timar. Anbefalt omkøyring var via Bergen sør og Knappetunnelen, eller via Kringsjåvegen.

BT har fått opplyst at det var ein mann som omkom i ulukka.

– Den omkomne er ein mann, seier operasjonsleder Eivind Hellesund i Vest politidistrikt til avisa.

Det er ekstra mykje kø i Bergen mandag ettermiddag. Foto: Jorun K. Øgaard