Trafikkartet øvst i artikkelen viser kva for vegar som er mest trafikkert til ei kvar tid. Kvitt betyr ingen trafikk, gult betyr lite trafikk, grønt betyr at trafikken flyt godt, raudt betyr at det er kø. Jo mørkare raudfarge, jo meir kø. Klikk på kartet for å zooma eller endra utsnitt.

Førre veke var den første med omlegging av trafikkmønsteret mellom Kolltveittunnelen og Sotrabrua. Då var det tidvis lange køar, spesielt vest for Kolltveittunnelen. Det blir spanande å sjå korleis køane blir denne veka.

Følg trafikken via webkamera!

Dette er endringane:

Omleggingane i trafikken mellom Kolltveittunnelen og Sotrabrua er omfattande. Bilistane må bita seg merke i følgjande endringar, som alle gjeld mellom klokka seks og klokka ni om morgonen på kvardagar:

  • Alle som skal frå Straume-området og austover på riksveg 555, må køyra via rundkøyringa ved Storskaret/idrettsparken.

  • Også dei som bur på Brattholmen/Arefjord/Ebbesvik må køyra via rundkøyringa ved Storskaret. Det blir nemleg innkjøring forbode austover ved den gamle Arefjordbrua. Dei som bur på Tona/Valen, kan framleis køyra ut på riksvegen mot Bergen gjennom lyskrysset nær Sotrabrua.

  • Berre bussar får lov å bruka dagens utkøyring frå Straume (nær bussterminalen) til riksveg 555.

  • Det blir innkøyring forbode frå riksveg 555 til gamlevegen over Bildøy sør for krysset ved Bildøybrua (nær Kolltveittunnelen). Skal du inn på Bildøy, må du dermed køyra om Straume og ned til Straumssundet.

  • Dei som køyrer austover på riksveg 555 og kjem til lyskrysset før Sotrabrua, får no lengre periodar med grønt lys.