Nest-Sotra-lokomotivet heldt fram med å dure på. Laurdag vart Hønefoss banka 6–1 heime på Ågotnes gress.

Og igjen kom Alexander Dang i sentrum: Sist helg vart det hat-trick borte mot Byåsen. Laurdag var han på nytt i praktslag: Tre mål - og ein straffebom - noterte måltjuven seg for.

Dei øvrige måla stod Ståle Steen Sæthre, Joachim Edvardsen og Bjarte Haugsdal for. Sami Kamel reduserte for Hønefoss

Samtidig som Nest leika seg på heimebane, så vann opprykksrival Bryne 1–0 over topplaget Nardo på heimebane. Nest-Sotra leiar framleis tabellen i avdelinga med sine 30 poeng, eitt meir enn Bryne sine 29.

Dette var nest siste kamp før det blir nokre vekers fotballpause. Neste laurdag ventar Egersunds på heimebane.