Det pågår no leiteaksjon etter ei 62 år gamal kvinne som vart meld sakna på Sotra i går kveld. Politiet går no ut med namn og bilete i håp om å få tips i saka.

Det er Elina Brandt-Hansen frå Klokkarvik som er sakna. Ho er mellom 160 og 170 centimeter høg. Politiet fekk nyleg inn informasjon om at ho skal ha vore kledd i lyse klede og hatt med seg ein sportsbag.

Det er Elina Brandt-Hansen som er sakna. Foto: Privat

Leiteaksjonen har så langt pågått i Klokkarvik-området. Men den siste sikre informasjonen om Brandt-Hansen no er at ho tok bussen frå Klokkarvik til Skogsskiftet onsdag klokka 10.30.

– Me trappar difor ned leitinga rundt Klokkarvik noko, og håpar at me får inn ny informasjon om kor ho har vore og kan vera, seier lensmann Odd Dale.

Det er så langt uvisst om ho gjekk av bussen i Skogsskiftet, og om ho eventuelt har gått på ein annan buss vidare.

Har du informasjon som kan tenkjast å vera til nytte i saka, kan du ta kontakt med politiet på Sotra på telefon 90770704 eller 56315800.