– Me meiner at me har alle føresetnader for å vera ein god plass å ha Språkrådet.

Det seier Øygarden-ordførar Børge Haugetun (TVØ).

Saman med ordførarane i Sund og Fjell ber han no regjeringa og Stortinget om å flytta Språkrådet frå Oslo til Straume.

Nynorskland

– Me har ein region som er opptatt av språk og kjempar for nynorsk. Fjell er ein randkommune med nynorsk som administrasjonsspråk, men med mange elevar som brukar bokmål. Det bør gjera det interessant for Språkrådet å liggja her, seier Haugetun.

Han meiner det vil vera ein fordel at Språkrådet blir plassert i ein nynorskkommune.

– Bergen skal ha ros for det dei har gjort for nynorsken, men Språkrådet må ikkje nødvendigvis liggja i Bergen sentrum, seier Øygarden-ordføraren.

Nær Bergen

Han peikar på at det berre er eit kvarter med buss eller bil mellom Straume og Bergen sentrum, og at regionsenteret på Sotra såleis ligg nært både universitet- og høgskulemiljø og Flesland.

– Når ein skal flytta statlege organ ut av Oslo, treng ein ikkje absolutt flytta heilt inn i sentrum på andre storbyar, seier Haugetun.

Spørsmålet om Språkrådet si lokalisering kjem i samband med regjeringa sin «plan for lokalisering av statlege arbeidsplassar». Her blir det lagt opp til at ei rekkje offentlege etatar og institusjonar kan flyttast ut av Oslo, for å nytta og styrka fagmiljø andre stader i landet.

I konkurranse med Bergen

Byrådsleiar Harald Schjelderup (Ap) i Bergen kjempar for at Språkrådet skal flyttast til Bergen, og han får støtte frå Universitetet og Høgskolen i Bergen samt Norges Handelshøyskole. Men no får altså Bergen konkurranse av Sotra.

– Når Fjell, Sund og Øygarden slår seg saman, blir me den nest største kommunen i fylket. Me utviklar by på Straume, og her blir det rikeleg med parkering og bygg som kan høva for Språkrådet, seier Haugetun.

Høgre, Frp, Venstre og KrF er samde om at ein skal jobba for å flytta arbeidsplassar ut av Oslo. At Språkrådet kan leggjast til Straume like gjerne som til Bergen, finn ein og støtte for i regjeringa si eiga utgreiing.

Dei fire partia skriv at «Lokalisering skal særleg vurderast i nye regionsenter, også utanom de største byene.» Straume får status som nettopp regionsenter i den nye storkommunen.

Mange institusjonar

– Eg trur det er positivt for bergensområdet at me er fleire som melder oss på i kampen for å få Språkrådet, seier Børge Haugetun til Vestnytt.

Det er formelt sett Regionrådet Vest, der Haugetun er leiar, som ber om å få Språkrådet på vestsida av Sotrabrua. Måndag skriv Haugetun under på førespurnaden saman med Fjell-ordførar Marianne Bjorøy og Sund-ordførar Kari-Anne Landro.

Her er lista over institusjonar regjeringa vurderer å flytta heilt eller delvis. Dei fleste av desse ligg i dag i Oslo:

  • Språkrådet

  • Sentraladministrative oppgåver i kunnskapssektoren

  • Landbruksforvaltinga

  • Likestillings- og diskrimineringsnemda

  • Noregs vassdrags- og energidirektorat

  • Fredskorpset

  • Miljøvenlege innkjøp

  • Arbeids- og velferdsdirektoratet

  • Sekretariatet for Bioteknologirådet

  • Politihøgskolen

  • Fylkesmannen

  • Fylkesmennenes fellesadministrasjon

  • Husbanken