– Det har kome rundt tretti lam. Me ventar totalt nesten 200, seier Elin Johanne Ulveseth Minde.

Floren på Ulveseth-Tunet aktivitetsgard er full av liv. Også av heilt nytt liv. Nokre lam er allereie verdsvante og hoppar nysgjerrig rundt. Andre har akkurat opna augene for første gong. Dei yngste held tett saman.

Kjappe fødslar

– I påsken har det faktisk vorte litt søvn på meg, seier Elin Johanne og takkar ungane og naboguten. Det er krevjande å vera jordmor i lamminga og passa på at alle fødslar går bra.

Når Vestnytt er på besøk kjem det to lam frå same søye i løpet av ti minutt. Det tek berre nokre få minutt før lamma er på føtene og tek sine første steg. Så finn dei vegen til spenene. Fjøsen er spanande og litt skummel, men om nokre veker får dei sjå at verda faktisk er endå større.

Eit lite lam kan vera så søtt at det nesten ser ut som eit kosedyr. Foto: Kyre Styve

Slepp snart ut

– Me slepp dei ut på bøen i mai. Me må venta til det er bra med gras og varmt nok. For når dei først har fått smaken på gras, vil dei ikkje ha silofôr att, seier ho.

Dei aller fleste fødslane har gått heilt fint i år. Men nokre få daude lam har det blitt, truleg som følgje av toksoplasmose. Det er ein sjukdom som mellom anna kan koma frå kattar.

– Ein har på sett og vis valet mellom å ha katt og risikera toksoplasmose eller å ha floren full av rotter, seier Elin Johanne.

Denne søya venta truleg firlingar. Då er det ikkje rart at magen er stor og formen er litt skral. Foto: KYRRE STYVE

Firlingar

Då Vestnytt var på besøk, hadde ho merksemda retta mot den rundaste magen i mils omkrins: Ultralyd-undersøkingar viser at ei av søyene truleg ventar firlingar.

– Det er ei påkjenning for sauen. Difor passar me ekstra godt på, seier Elin Johanne Ulveseth Minde.