Vil redda Nest-Sotra med «Kjetting-Jan»-bamsar

Nest-Sotra vil ha Jan Vindenes som maskot for å unngå skifteretten.

Publisert:

Denne bamsen, som skal forestilla Jan Vindenes, kan bli fotballmaskot på Ågotnes. Foto: Jan Vindenes

  • Kyrre Styve

Nest-Sotra er truga av konkurs, og i eit forsøk på å unngå det vil dei no ha «Kjetting-Jan» som maskot. Nærare bestemt vil dei ha bamseversjonen av Jan Vindenes som maskot for fotballaget.

– Det er Nest-Sotra som har foreslått dette, seier Jan Vindenes.

Må selja dei dyrt

Han har liggjande ein haug med bamsar som skal forestilla han sjølv. Slike bamsar kan no bli eit vanleg syn når Nest-Sotra spelar kampar på Ågotnes. Men Jan Vindenes dreg maskot-ideen eitt hakk lenger. Han har foreslått følgjande:

«NestSotra mottek inntil 700 maskoter (Kjetting-Jan bamser), som klubben sine medlemmer og administrasjon sel den komande veka for 500 kroner stykk. Dette tiltaket vil åleine innkassera 350.000 kroner. Med dette tiltaket viser klubben eigeninnsats for å overleva økonomisk.»

Interessert i flere nyheter fra næringslivet? Abonner på Vestnytt sitt ukentlige næringsbrev her!

– Nest-Sotra har i mange år brukt meir pengar enn dei har tent. Me kan ikkje berre gje dei pengar utan at dei gjer ein innsats, seier Vindenes.

– Det er litt utanom det vanlege å få dei til å selja ein maskot som forestiller deg sjølv?

– Ja, men det var ikkje vårt påfunn, seier han.

Ikkje heilt førebudd

Tony Ågotnes i Nest-Sotra stadfestar at maskot-bruken var klubben sitt påfunn. Men å selja 700 bamsar på ei veke, var ikkje Ågotnes heilt førebudd på.

– Eg har akkurat fått ideen på bordet no, og må kika på han og snakka med Jan, seier Ågotnes.

Avtaleforslaget frå Jan Vindenes inneber at bedrifta hans, Sotra Anchor & Chain, gjev 150.000 kroner til Nest-Sotra for draktplassering på brystet og bruk av «Kjetting-Jan» som maskot.

I sesongane 2021, 2022 og 2023 betalar bedrifta 100.000 kroner årleg for dette.

– Føresetnaden er at Øygarden FK også brukar maskoten dersom den klubben overtek Nest-Sotra sin plass i serien, seier Jan Vindenes.

Nest-Sotra ligg godt an til å klara å nå kvalifiseringsspel til eliteserien. Men samstundes slit klubben tungt økonomisk. Dei må møta i skifteretten 5. november. Forslaget frå Jan Vindenes om sal av bamsar, handlar om å få inn pengar før den datoen.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Slik går det med serveringsstadane

  2. Her kan du parkere bobilen, og tømme doen

  3. Nødssituasjon på «Ocean Viking»

  4. Mann laget kvalme og slo til annen person

  5. BOF skeptisk til å ta på seg ansvaret

  6. Her går kloakken rett i sjøen

  1. Nest-Sotra
  2. Jan Vindenes