Det blir klart når Vestnytt og sprekere.no inviterer til Kommunekampen.

Alle typar aktivitet

For kor bur dei sprekaste i bergensområdet? Saman med Bergens Tidende og ei rekke andre lokalaviser vil Vestnytt fram mot sykkel-VM i september finne ut av kor dei sprekaste innbyggjarane bur.

Alle som er med, kan registrere sine minutt i aktivitet inne på nettstaden sprekere.no. Saman med alle andre innbyggjarar i ditt området som er med, kan du bidra til å føre din kommune eller bydel til topps i konkurransen.

Kvar enkelt bydel i Bergen kommune utgjer eit lag. Kommunane Sund og Øygarden er slått saman, det same er Lindås og Meland kommunar. Dette for å har mest mogeleg jamne lag.

Heilårstrening

Jeanett Nesse, folkehelsekoordinator i Fjell Foto: Inger Elise J. Økland (arkiv)

Folkehelsekoordinator Jeanett Nesse i Fjell kommune reknar med at mange fjellsokningar melder seg på konkurransen.

– Vi har mange spreke folk i kommunen, seier ho til Vestnytt.

Slike konkurransar meiner ho er positive. Her kan alle delta uansett form. Gå tur, kanskje er sjøen varm nok til ein symjetur, eller hiv deg på sykkelen. All aktivitet tel i konkurransen. Her er det minutta som gjev poeng, ikkje kor fort du spring.

Då «sykle til jobben»-aksjonen vart arrangert i vår, vart over 50.000 kilometer tilbakelagt i den perioden konkurransen varte.

– Om du ligg og ladar batteria no i ferien, er det berre å knalle til når ferien er over, meiner ho.

Folkehelsekoordinatoren har inntrykk av at stadig fleire er i aktivitet heile året, og at folk ikkje berre trenar etter «skippertaksmetoden».

Fine turstiar

Bente Guntveit oppmodar folk til å ta i bruk dei mange turstiene vi har i regionen. Foto: Torstein Skeie (arkiv)

– Dette er jo ei kjempegodt høve til å kome i gang med fysisk aktivitet og gjerne finne ut kva aktivitet du liker, meiner folkehelsekoordinator i Øygarden, Bente Guntveit.

Ho vil og oppmode folk om å bruke dei mange flotte turstiane i kommunen.

Sjølv har ho nett kome heim att frå fjorten dagars ferie i Italia, men ho og mannen har ikkje lege på latsida.

– Vi har gått fleire toppturar i området rundt Gardasjøen. Stort sett i fint vêr, men og under storm, lyn og torden, fortel ho.

Fleire av toppane er over 2000 meter over havet - noko høgare enn du kjem i Øygarden.

Vinn premiar

I september blir det klart kva for kommune eller bydel som har dei sprekaste innbyggjarane. Vinnaren er det området som i gjennomsnitt har flest registrerte treningsminutt. Den sprekaste deltakaren frå kvart område blir også kåra.

Klarar du nokon av dei fire vekesmåla, er du også med i trekninga av fine premiar. Desse måla er:

  • Veke 1: Målet er 350 minutter - (trekning 23. august)

  • Veke 2: Målet er 700 minutter - (trekning 30. august)

  • Veke 3: Målet er 1000 minutter - (trekning 6. september)

  • Veke 4: Målet er 1400 minutter - (trekning 13. september)