Det er BT som skriv om misnøyen hjå Nest-Sotra sin motstandar framfor søndagens kamp på Sotra.

– Det er latterleg om dei får kampen utsatt, seier Sæternes til BT.

Slit med graset

Nest-Sotra slit med at graset på Ågotnes ikkje har kome til hektene etter vinteren, og det er difor fare for at kampen ikkje kan gå som planlagt:

Nest er eit av relativt få lag i førstedivisjon utan kunstgras. Men Sandnes Ulf-trenaren meiner det burde vera mogeleg å få naturgraset klart.

– Nest-Sotra har visst om dette i månadsvis, så melder dei inn no etter serieopninga 2. påskedag. Det held ikkje, klubben og kommunen har hatt god anledning til å fiksa bana som oss andre med gras, seier Sæternes til BT.

Sæternes tok over Sandnes Ulf etter Tom Nordli i 2015. Han har spelt for mellom anna Odd Grenland, Bodø/Glimt, Brann, Viking, Vålerenga, og Club Brugge.

NFF misnøgde

Heller ikkje Noregs fotballforbund er nøgde med den seine tilbakemeldinga, og opnar for at kampen kan gå ein annan stad enn på Nest-Sotra si heimebane.

Det blir truleg klart i løpet av i dag (torsdag) om kampen mellom Nest-Sotra og Sandnes Ulf går på Ågotnes, blir flytta til ei anna bane eller blir utsatt.

Nest-Sotra lukkast ikkje i serieopninga under comebacket i førstedivisjon måndag, då Åsane viste seg for sterke.

Det har ofte vore dårleg ver under kampar på Ågotnes. No skapar den kalde vinteren problem for banedekket. Foto: Elise Årdal (arkiv)