Over 2000 lag. Over 6000 kamper. 1600 frivillige. Full rulle frå morgon til kveld. Sport. Kultur. Sosialt.

Det er Norway Cup 2018.

– Det er deltakarar frå heile landet, og store deler av verda - og frå vårt område, seier journalist Anders Totland.

Han er til stades på Ekebergsletta heile veka, og kjem til å rapportere heim til Vestnytt sine lesarar.

Det vert tradisjonelle avissaker og mange bilete, men óg drypp i sosiale medium.

– Eg kjem ikkje til å leggje vekt på å vere først med kampfakta. Eg skal ikkje drive ein resultatservice, men heller snakke med spelarar, trenarar, familie og arrangørar. Eg vil formidle stemninga og folkelivet, seier Totland, som var på plass på Sletta laurdag ettermiddag.

Om du har tips til Anders kan du sende han ein e-post på anders.totland@schibsted.com.