Sterkt om nettdeling

Mia Landsem ga ungdom råd om nettvett og bilete på avvegar.

Publisert: Publisert:

Foto: Stine King

  • Jarle Sælensminde
Denne artikkelen er over ett år gammel

Førre måndag var sal 1 i Sotra kino var fylt med ungdom frå Sotra vidaregåande skule. Dei fekk oppleve eit sterkt møte med Mia Landsem, 21 år. Ho hadde ein times foredrag om nettdeling, mellom anna om deling av nakenbilde. Utan på nokon måte å dømme slik deling som tåpeleg eller dumt, fortalde ho om konsekvensane. Ho snakka ope om dei problema slik deling hadde skapt for henne, og for ei lang rekkje andre. Særleg er jenter utsette, men også gutar. Mange er med på å dele og spreie vidare nakenbilde dei har fått, utan å tenkje over konsekvensane for den det gjeld.

Det var tydeleg at Mia Landsem traff sitt publikum. Det var full konsentrasjon i salen. Dette er eit tema som veldig mange kjenner, men som ikkje alle tek på alvor.

Jenter og gutar som vert utsette for utpressing, veit ikkje kven dei skal snakke med og få hjelp av. Dei er gjerne redde for å snakke med foreldra. Mia fortel at ho får ei lang rekkje telefonar og meldingar med bøn om hjelp. Nokon er så fortvila at dei meiner livet er øydelagt.

Ho kom med klare råd til dei unge. Foreldra til dei som var i salen bør ta ein prat med sin ungdom om kva han/ho opplevde i Sotra kino og om råda dei fekk der.

Foredraget er støtta av Lions Sotra. Onsdag 10. oktober er det verdsdagen for psykisk helse. Om kvelden kl. 18 er det temakveld i biblioteket på Sartor. Psykologane Sigrid Ystås og Gro Berge snakkar om utfordringar i oppvekst og teikn til psykiske problem. Mange heilt vanlege ungdommar slit, sjølv om alt ser greitt ut. Livet er ikkje alltid lett å forstå, særleg i tenåra. Og ikkje alt er lett å snakke med vaksne om.

Janne Espeseth frå politiet driv forebyggjande arbeid, ikkje minst når det gjeld rus. Ho snakkar varmt og engasjert til og om ungdom, og ikkje minst om korleis vi vaksne kan vere støttespelarar eller gripe inn når det trengs.

Foredraget er gratis og for alle - for vaksne, foreldre, besteforeldre og andre som er i kontakt med barn og unge.

Jarle Sælensminde

Publisert:

Les også

  1. – Mobbere finnes overalt

  2. Den store styggeulven på Internett

  1. Oppslagstavla
  2. Psykisk helse
  3. Nakenbilder