Det er Fjell, Sund og Øygarden som har gått saman om å laga presentasjonsfilmen, som skal visa regionen vår på sitt beste. Under Sykkel-VM rullar filmen på tv-skjermane.

Tanken er at filmen skal ha lang levetid, sidan han tek utgangspunkt i storkommunen som er på plass frå 2020.

Natur og kultur og næringsliv er stikkord for filmen, som finst i fleire versjonar med ulik lengde. Har dei fått med det beste og viktigaste? Sjå videoen og døm sjølv.