– Det fall heilt saman, konstaterer Terje Hermansen, som er næraste nabo til huset.

Det var rundt klokka 13.30 søndag at eit hus under oppføring på Søre Bildøy ramla saman. Alt tyder på at årsaka er dei til dels sterke vindkasta på kysten.

– Vinden virkar eigentleg ikkje så sterk, men det må ha kome eit solid vindkast, seier Hermansen.

Huset er under bygging. Bærebjelkar og takstolar var kome på plass, men ikkje kledning. No må husbyggjaren starta nesten på nytt.

Søndag ettermiddag var brannmannskap og politi på staden for å sikra staden. Det låg bygningsmaterial slengt på tomta og litt nedanfor, men det ser ikkje ut til at plankane har skade på noko.

Brannmannskap jobba søndag ettermiddag med å sikra tomta. Foto: Kyrre Styve