Trafikkartet øvst i artikkelen viser kva for vegar som er mest trafikkert til ei kvar tid. Kvitt betyr ingen trafikk, gult betyr lite trafikk, grønt betyr at trafikken flyt godt, raudt betyr at det er kø. Jo mørkare raudfarge, jo meir kø. Klikk på kartet for å zooma eller endra utsnitt.

Kø frå sør og nord

Måndag morgon var første dagen med endra køyremønster på Litlesotra og Bildøy. Det er no forbode å snikkøyra austover over Bildøy, og store delar av innbyggjarane blant anna på Våge, Foldnes, Straume, Brattholmen og Arefjord må ta ei anna rute enn vanleg dersom dei skal austover mot Bergen på riksveg 555.

Måndag gjekk trafikken greit, men med meir kø enn normalt nordover og sørover mot rundkøyringa vest for Kolltveittunnelen. Også tysdag var situasjonen slik.

Kjip onsdag

Vestnytt snakka med senioringeniør Bjørn Rune Tvedt i Statens vegvesen i halv ni-tida tysdag morgon.

– Eg synest det gjekk litt treigere i dag enn i går. Eg har inntrykk av at det er meir trafikk på vegen enn i går. Det hoper seg meir opp i Storskaret og det er tettare trafikk også på riksveg 555, sa han.

Onsdag gjekk det langt, langt treigare. Det skuldast mellom anna ei trafikkulukke nær Sotrabrua. Vonleg går det greiare i dag.

Følg trafikken via webkamera!

Dette er endringane:

Omleggingar i trafikken mellom Kolltveittunnelen og Sotrabrua er omfattande. Bilistane må bita seg merke i følgjande endringar, som alle gjeld mellom klokka seks og klokka ni om morgonen:

  • Alle som skal frå Straume-området og austover på riksveg 555, må køyra via rundkøyringa ved Storskaret/idrettsparken.

  • Også dei som bur på Brattholmen/Arefjord/Ebbesvik må køyra via rundkøyringa ved Storskaret. Det blir nemleg innkjøring forbode austover ved den gamle Arefjordbrua. Dei som bur på Tona/Valen, kan framleis køyra ut på riksvegen mot Bergen gjennom lyskrysset nær Sotrabrua.

  • Berre bussar får lov å bruka dagens utkøyring frå Straume (nær bussterminalen) til riksveg 555.

  • Det blir innkøyring forbode frå riksveg 555 til gamlevegen over Bildøy sør for krysset ved Bildøybrua (nær Kolltveittunnelen). Skal du inn på Bildøy, må du dermed køyra om Straume og ned til Straumssundet.

  • Dei som køyrer austover på riksveg 555 og kjem til lyskrysset før Sotrabrua, får no lengre periodar med grønt lys.