Danielsen er busett i Fløsteinspollen på Bjorøy, og det var ein nabo som drog opp den umerka teina ved ein kai i området. «Fangsten» var av det makabre slaget.

Ille tilreidd

– Naboen ringte meg og sa at han hadde funne Nansen. Eg spurte om katten var påkøyrt, slik eg trudde. Han sa at det var verre enn som så, seier Hogne Danielsen.

Han fekk vita at katten låg daud i ei krabbeteine, og gjekk straks ned til kaien for å sjå.

– I teina ligg kadaveret av ein katt. Snute og andlet er borte, men det liknar veldig på Nansen. Fargane og den lange halen tyder på at det er min katt, seier Danielsen.

Han går ikkje med mistanke til nokon, men nektar å tru at katten har gått ned i flomålet og rota seg inn i teina på fjære sjø.

Ein nabo av katteeigaren trakk opp den umerka teina og fann den makabre «fangsten». Foto: Privat

Meld til politiet

– Det er stygt å seia det, men eg trur einkvan har latt teina ligga med åte i på kaien. Så har Nansen rota seg inn i teina og både katt og teine har blitt sparka på sjøen, meiner katteeigaren.

Han har vore hjå politiet og meld saka, som han tykkjer er eit grelt døme på dyreplageri.

– Det er eit liv me snakkar om her. Korleis kan folk gjera slikt? Eg vart rett og slett grådig lei meg då eg såg Nansen slik. Katten har vore hjå meg sidan 2014. Det var ein kjælen katt som likte å gå langs sjøen, seier Hogne.

Han har fått sterke reaksjonar frå Dyrebeskyttelsen, som oppmoda Danielsen til å melda saka og la bilete av katten ut på Facebook. Nansen har vore etterlyst på sida til Bjorøy og Tyssøy velforening. Også der er reaksjonane sterke.

Katten Nansen i armkroken til eigar Hogne Danielsen. Foto: Privat

Uro på Bjorøy

– Viss dette er gjort med vilje er det forkasteleg. Personleg trur eg at det er nokon som har visst kva dei har gjort. Det skal for mange tilfeldigheiter til før ein katt med uhell hamnar i ei teine på sjøbotnen, meiner Camilla Ruvang Karlsen.

Velforeininga har fått melding om fleire sakna kattar på Bjorøy den siste tida. Funnet av katten i teina skaper uro på øya.

– Eg har sjølv katt og synest lite om å sleppa den ut for tida, seier Karlsen, som er glad for at eigaren har meldt saka til politiet.

Hogne Danielsen har ein katt til, og har fått råd frå Dyrebeskyttelsen om ikkje å sleppa han ut.

– Dei fryktar kva som kan skje. Eg mistenkjer ingen naboar, men trur heller ikkje folk frå byn kjem ut her for å drukna ein katt. Bjorøy er eit lite samfunn, og nokon må vita noko om kva som har skjedd, meiner Hogne Danielsen.

Teina låg ut frå ein kai i området ved Fløsteinspollen på Bjorøy. Foto: Privat