Han kan tenkja seg å driva nytt hotell

Kjetil Smørås driv fem bergenske hotell og ønskjer å vera med på å utvikla og driva eit hotell på Bildøy eller i området mellom Snekkevik og Ebbesvik.

Publisert:

Hotelleigar Kjetil Smørås meiner Sotra og Øygarden treng eit nytt hotell tett på næringslivet på Straume, men med tilbod om langt meir enn konferansar. Foto: Karstein Sæverås

  • Karstein Sæverås

– Området mellom Snekkevik og Ebbesvik er truleg det ideelle sett frå min ståstad, men nordre Bildøy er heilt klart eit alternativ. Viss eg kan vera med og utvikla eit hotell slik eg meiner det bør gjerast, så er eg heilt klart interessert i å driva det hotellet, seier Kjetil Smørås.

Unikt hotell

Han er kjent for hotella som går under samnamnet «De Bergenske», men det er ikkje ei hotellkjede. Smørås er klar på at eit kjedehotell heller ikkje er det rette, viss ein skal bygga eit nytt hotell på Sotra. Han ville hyrt inn dei beste arkitektane og skapt noko unikt for området.

– Her må ein ta utgangspunkt i nærleik til sjøen og bruk av skjergarden, slik at hotellet vert interessant for tilreisande. Samstundes må det vera ein stad folk som bur på Sotra og i Øygarden er stolte av og der dei ønskjer å halda bryllup. Og så må det ligga nært næringsmiljøet på Straume.

Det høyrest ut som det du skildrar er noko som liknar Panorama hotell, men at du i tillegg ønskjer nærleiken til Straume og Bergen?

– Det stemmer eit stykke på veg. Eg ville nok ha satsa på fleire rom og mindre konferanseareal. Det er turist- og reisemarknaden som veks, medan forretning og konferanse stagnerer, seier Smørås.

Familiebedrift

Torsdag var han og dottera Louise Smørås invitert til Vest Næringsråd for å snakka om det å driva familiehotell og korleis generasjonsskifte kan gjennomførast på ein god måte. Sist, men ikkje minst, var Smørås der for å snakka om korleis ein kan realisera eit nytt hotell i nye Øygarden.

– Ja, det må jo koma eit nytt hotell her ein eller anna gong. Det som var planlagt ved Sartor er ikkje den optimale løysinga, slik eg ser det. Hotellet må ligga slik til at det styrkar særpreget ved kysten og Sotra sin identitet, samstundes som det er kort avstand til verksemdene på Straume, meiner Kjetil Smørås.

Eigedomssjef Roy-Eddy Lie i Liegruppen meiner eit hotell ved Sartor kunne blitt eit viktig tilskot, men ser at det Smørås snakkar om er eit anna type hotell.

Hotellmannen i Kjetil Smørås vaknar når maten skal på plass til Vest Næringsråd sitt frukostmøte. Han starta med familiehotellet Augustin og veks stadig med fleire historiske hotell og spiseplassar i Bergen. Like bak han står dottera Louise, som er på veg inn i bedrifta. Foto: Karstein Sæverås

– Ein stor draum

– Eg har sansen for dei tankane Kjetil Smørås legg fram. Det vil vera ein stor draum om me får bygga eit slikt hotell på nordre Bildøy, seier Roy-Eddy Lie.

Liegruppen har ikkje gått inn i noko formelt samarbeid med Smørås, då Lie ser det som vel tidleg i planprosessen.

– Men me har samarbeida med Kjetil Smørås i ti år, etter at me var heldige og fekk han som leigetakar i Kalfaret Brygghus. Han kan hotelldrift og me kan utvikla og eiga eit hotell på nordre Bildøy, seier Lie.

Han ser føre seg å kombinera hotell med kulturhus og til dømes badeland i sjøkanten, med Kolltveitosen like utanfor. I dette området er det så mykje kultur knytt til fiske, kvalfangst og steinalderbusetnad at det er rikeleg å ta av til den historieforteljinga eit moderne hotell må by på. Lie peikar på at her fins ein områdeplan som har vore på høyring, men no er stansa opp i administrasjonen i Øygarden. Han trippar etter å koma i gang med detaljregulering, slik at byggeprosessen kan vera ferdig når Sotrasambandet står klart.

– Områdeplanen har nok ikkje stansa opp, men det har vore eit vakuum knytt til samanslåinga av dei tre kommunane. Uansett kven som kjem med planar og finansiering vil Øygarden strekka seg langt for eit hotell på Litlesotra, seier ordførar Tom Georg Indrevik (H).

Han synest det er synd at «alle» som deltek på messer i Sotra Arena bur på hotell i Bergen, fordi det ikkje fins eit alternativ her.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Slik går det med serveringsstadane

  2. Her kan du parkere bobilen, og tømme doen

  3. Vil du til Lattervika eller Brokeskiten?

  4. Mann laget kvalme og slo til annen person

  5. Søk i dødsan­nonsene

  6. Nå kommer posten annenhver dag

  1. Hotell