Blir stengt éin månad etter påpakk frå Mattilsynet

– Me har fått eit surt fjes, men frå no av skal me berre få smilefjes.

Publisert:

Jon Steinar Midlang må pussa opp kjøkkenet etter pålegg frå Mattilsynet. Foto: Inger Elise J. Økland (arkiv)

  • Kyrre Styve

Det seier Jon Steinar Midlang, som eig og driv Glesvær kafé.

Mandag vert kafeen stengt, og det kan gå éin månad før dei opnar dørene att. Årsak: Mattilsynet var ikkje nøgd med tilstandane på kjøkenet.

– Dei var på besøk i januar, og fann ein del å setja fingeren på. No stengjer me for å ordna opp og pussa opp kjøkenet, seier han.

Nytt kjøkken

Mattilstynet listar opp fleire grunnar til stenginga:

  • Internkontroll: Manglar ved interne styrings- og kontrollrutinar for å sikre trygge matvarer.
  • Generelt: planløysing, standard og vedlikehald: Manglar ved hygienisk standard på lokalar, innreiing eller utstyr.
  • Lokalar: spesielle krav ved tilarbeiding og foredling: Hygieniske manglar ved lokalar og innreiing der mat lagast.
  • Forureiningsfare: Vesentlege manglar ved rutinar for oppbevaring og handtering for å hindra forureining av maten.
  • Merking: Vesentlege manglar ved rutinar som sikrar at næringsmidlar kan spores tilbake til opphavet eller produksjonstidspunkt.

Dette er det tredje surfjeset kafeen på Glesvær har fått. Foto: Mattilsynet.no

Ifølgje Midlang skal det mellom anna handla om at fuging og fliser må ordnast, samt å få betre system for kvalitetssikring.

Etter at Mattilsynet var der i januar, fekk kafeen eit såkalla surt fjes. Det vil seia eit symbol som viser at ikkje alt var som det skulle på kafeen.

– Surefjeset har hengt på døra. Kafeen har likevel hatt veldig bra besøk. Frå no av satsar me på berre å få smilefjes.

Det er ikkje første gongen kafeen får surtfjes.

Me hadde heldigvis eit godt år i fjor, så eg står i det

Det Mattilsynet sjekkar, handlar først og fremst om mathygiene. Kontrollane skal sikra at folk ikkje blir sjuke av maten. Midlang tek sjølvkritikk og seier at dei har vore litt slappe. Dei skal no bruka dei neste vekene på å gjera kjøkenet nytt.

– Me skal byta tak og veggar, og kjøper samstundes inn ein del nytt utstyr. Så skal me få betre system og digitalisera alle rutiner, seier han.

Kostar pengar

Oppussinga vil kosta nokre hundre tusen kroner, om ein inkluderer tapt omsetnad i stengeperioden.

– Me hadde heldigvis eit godt år i fjor, så eg står i det, seier eigaren.

Ifølgje Midlang er dei fleste som jobbar der tilsett på timesbasis. Det kan bli mindre timar på dei medan kafeen er stengt, men han håpar å kunna bruka dei til delar av oppussinga.

– Me har sett oss ein frist til 9. mars med å vera ferdige. Me har mange bestillingar, både frå bussgrupper og catering, så me må skunda oss, seier Jon Steinar Midlang.

Publisert:

Les også

  1. Hva får en mann til å jobbe tolv timer hver dag i 17 år ute i periferien, uten å bli rik av det?

  2. Heidundrande avslutning

Kafeen ligg heilt i sjøkanten på den gamle handelsstaden Glesvær, som var det største og viktigaste fiskeveret på Sotra på 1700- og 1800-tallet. Foto: Inger Elise J. Økland (arkiv)

  1. Mattilsynet