Ein person på sjukehus med korona

Fjorten er smitta, ein av dei er innlagt.

Publisert:
  • Kyrre Styve

I går kom det to nye stadfesta korona-tilfelle i Øygarden. Dermed var det tretten som har fått bekrefta at dei har koronaviruset i kroppen.

Måndag føremiddag opplyser ordførar Tom Georg Indrevik at det har kome eit koronatilfelle på sjukehus. No er det fjorten øygardingar som har fått påvist korona.

Helsetilstanden til personen som er innlagt, er ikkje kjent.

Det er tatt om lag 10 korona-prøvar i Øygarden det siste døgnet, opplyser kommunen.

Les også

Store forskjeller i hvor mange som blir testet

Det er berre folk som er alvorleg sjuke som blir innlagt på sjukehus i samband med koronasmitte. Samstundes kan pasientar som alt ligg på sjukehus av andre årsaker, bli testa og få påvist korona.

I Noreg er det no 174 personar med koronasmitte som er innlagt på sjukehus. Det har vore åtte korona-relaterte dødsfall.

Mandag 23. mars klokka 08.00 hadde sjukehusa i Helse Vest 36 pasientar innlagde med stadfesta koronasmitte. Fem av desse var på intensivavdelingar, fem av desse fekk behandling i respirator, opplyser Helse Vest.

På verdsbasis er det ifølgje VG 340.000 stadfesta smittetilfelle.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Slik går det med serveringsstadane

  2. Her kan du parkere bobilen, og tømme doen

  3. Vil du til Lattervika eller Brokeskiten?

  4. Søk i dødsan­nonsene

  5. Mann laget kvalme og slo til annen person

  6. Her går kloakken rett i sjøen

  1. Korona
  2. Koronaviruset