No kan du melda frå om korona-symptom

Folkehelseinstituttet har utvikla eit skjema for eigenrapportering.

Publisert: Publisert:

Koronavirus sett gjennom eit elektronmikroskop.

  • Kyrre Styve

Det er berre spesielle grupper som blir testa for korona no, dels på grunn av kapasitetsproblem i helsevesenet og på laboratoria.

Samstundes er legevaktane så overarbeidd at folk som ikkje er så sjuke at dei treng hjelp, ikkje skal ringa legevakt.

Dermed kan det vera mange som kan ha sjukdomen utan å få vita det, samt at det er mange som trur at dei har sjukdomen utan å ha det. Dei aller fleste testresultat er negative.

Les også

Ber folk halda seg for seg sjølv på tur

Folkehelseinstituttet har tidlegare varsla at dei jobba med eit system for eigenrapportering av symptom, og no er dette kome på plass.

Klikk her for å koma til skjemaet

Les deg gjerne opp på det FHI skriv før du fyllet ut skjemaet.

Det er så langt minst elleve stadfesta tilfelle av koronasmitte i Øygarden.

Les også

Store forskjeller i hvor mange som blir testet

- Hensikten med denne løysinga er å gje helsestyresmaktene betre oversikt over utbreiinga av smitte og dermed også kunna bidra til å handtera utbrotet. Me set stor pris på at alle som har symptom som kan vera koronavirus, som hoste, pustevanskar eller feber, melder frå om dette, seier overlege Preben Aavitsland i Folkehelseinstituttet.

I Noreg var per 20. mars 43.735 personar testa, ifølgje VG.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Slik går det med serveringsstadane

  2. Her går kloakken rett i sjøen

  3. Mann laget kvalme og slo til annen person

  4. Her kan du parkere bobilen, og tømme doen

  5. Drøymer om båt som kan ta folk på øyhopping mellom Øygarden og Gulen

  6. Søk i dødsan­nonsene

  1. Korona
  2. Koronaviruset