For mange startar VM-helga på fredag med ny tur inn til Bergen, der fellesstarten for junior kvinner og menn under 23 år skal avviklast.

– Fredag vert det om lag same vêret som i dag, overskya og periodar med regn. Vinden er frå søraust og kjem opp i liten til stiv kuling, seier meteorolog Halldis Berge ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Kan sleppa regn

Utover fredagen dreier vinden på sør og dreg med seg litt av det same vêret over til laurdag. Men prognosane tyder på lettare vêr innan VM-deltakarane startar frå Rong 09.30 på laurdag. Då er det klassen junior menn som legg i veg og truleg får gradvis betre tilhøve utover dagen.

– Det ser ut til å verta mykje likt vêr i heile bergensområdet i helga, men det kan tenkast at det lettar så tidleg vest mot havet at syklistane slepp regn i det heile, seier Halldis Berge.

Vinden minkar

Vinden utviklar seg også gunstig sett frå syklistane sin ståstad. Sjølv om skydekket heng att ei stund minkar vinden til bris frå sør og søraust. Utover laurdag ser det stadig lysare ut.

– Denne utviklinga dreg me med oss over til søndag. Då vert det opphaldsvêr og me kan få periodar med sol, seier meteorolog Halldis Berge.

Det er godt nytt for den store finalen, herrane sin fellesstart frå Rong til Bergen sentrum med start klokka 10.05.