«Temperaturen den blir høy og mange får lyst å kaste sitt tøy. Enda ikke så varmt i sjøen, blir nok ikke den verste køen».
Slik lyder godsvêrsmeldinga frå meteorologane på Twitter søndag. Medan det er grått og trist ute, kunne den vel ikkje kome på eit betre tidspunkt?
Opnar kinoen, men må ha mange tomme sete
Til veka kjem altså sola og med seg har ho varme temperaturar.
– Det blir ein smak av sommar, så det er berre å finne fram solbriller og solkrem, seier vakthavande meteorolog Martin Granerød til Vestnytt.
Ifølgje han vil veka starte med om kring 15 grader på måndag, så blir det litt kaldare, før det blir varmt igjen.
Kjør gjerne i 60 km/t nedover. Oppover er det ikkje lov
– Det er eit høgtrykk som bygger seg opp frå fredagen av, som ser ut til å vare i alle fall gjennom pinsa. Det kan bli mellom 20 og 25 grader, sier Granerød og legg til;
– Det blir fint vêr på heile Vestlandet og lange periodar med sol.