SISTE: – Fri ferdsel. Køane er i ferd med å løysa seg opp, skriv Vegtrafikksentralen vest på Twitter klokka 21.26.

Det var like før klokka ni søndag kveld at Vegtrafikksentralen meldte på Twitter at det hadde vore eit trafikkuhell på Sotrabrua.

– Det er ein bil som har mista eit av hjula sine, fortalde operasjonsleiar Stein Rune Halleraker i Vest politidistrikt til Vestnytt like over klokka 21.

Det skal ha vore køar i begge køyreretningar som følgje av trafikkuhellet. Etter kvart kom det også fram at to bilar skal ha vore involvert i hendinga.

Det er ikkje meld om personskadar.