I ei pressemelding skriv prosjektleiar Kathrine Løno Lahlum at det vart avdekka alvorlege feil ved ventilasjonsviftene i tunnelen natt til fredag.

– Under ein sjekk torsdag kveld og natt til fredag vart det avgjort at tunnelen måtte stengjast og at alle viftene måtte ned. Først når me har på plass eit mellombels system som sikrar branntryggleiken, kan tunnelen opnast att, seier Lahlum.

Truleg vert tunnelen periodevis opna i løpet av helga. Fredag er tunnelen heilt stengt, og Vegtrafikksentralen ser så langt ingen ende på køane.

Laurdag vil tunnelen vera open mellom klokka 08.00 og 10.00. Om arbeida ikkje blir ferdig i løpet av helga, vil det bli opna for morgentrafikken måndag, mellom klokka 06.30 og 09.00.

– Tryggleiken går først. Vi kan ikkje leva med ein situasjon der det kan oppstå ei alvorleg ulukke, slår Lahlum fast.

Prosjektleiaren var aldri i tvil om at Lyderhorntunnelen måtte stengja austgåande løp. Sjølv om det fører til mykje kø for trafikantane.

– Me seier oss leie for problema dette skaper, men det må vera trygt å køyra i Lyderhorntunnelen før me kan sleppa bilar gjennom, seier Lahlum.

For ei drøy veke sidan fall ei vifte ned i køyrebana i den samme tunnelen. Ein bil vart delvis truffen av vifta, men heldigvis vart ingen alvorlig skadd i hendinga. Årsaka til at vifta fall ned, var materialtrøyttleik i sjølve vifta.

Båe tunnelløpa gjennom Lyderhorn er under rehabilitering. I vestgåande løp er alle viftene skifta. Tilsvarende arbeid skal byrjast på i det austgåande løpet om kort tid.