Under Skjergardsrittet på søndag opplevde fleire syklistar å punktera som følge av at det låg teiknestiftar i vegbana.

No ynskjer politiet tips i samband med saka.

– Dersom nokon har sett eller høyrt noko, er det berre å ta kontakt. I slike saker er me som oftast avhengige av hjelp frå publikum for å finna ut kven og kva som har skjedd, seier politioverbetjent Kjell-Bjørn Heggøy.

Han seier vidare at vandalisme som dette kan få fatale konsekvensar for syklistar.

– Særleg i eit ritt med mange deltakarar kan det vera farleg. Det kan bil massevelt, med store personskadar som resultat, seier Heggøy.

Dersom du veit noko om denne saka kan du ta kontakt med lokalt politi på telefon 56 15 21 60 mellom klokka 09.00 og 15.00 på kvardagar, eller med operasjonsleiar på telefon 02 800 elles i døgnet og i helgene.