Vitneobservasjonar tyder på at Elina Brandt-Hansen var om bord på bussen frå Skogsskiftet til Straume terminal onsdag føremiddag.

– Me er rimeleg sikre på at ho var på bussen, seier etterforskingsleiar Sven Erik Midthjell ved lensmannskontoret på Straume.

Politiet meiner at ho kan ha gått av på busstoppet Haljedalen ved Blommen klokka 10.56.06.

(Saka held fram under kartet)

Haljedalen var den einaste staden bussen stoppa mellom Skogsskiftet og Straume.

Det blir no leita mellom anna i Kolltveitmarka vest for Kolltveittunnelen.

– Me veit ikkje kor ho har gått etter at ho gjekk av bussen. Difor er me svært interessert i å høyra frå folk som har vore i området, seier Midthjell.

Det gjeld spesielt dei som har vore i området i tida rundt og etter at bussen stoppa, og som difor kan bidra med informasjon om kor den sakna kvinna har gått eller ikkje gått.

Det er Elina Brandt-Hansen som er sakna. Vitneobservasjonar tyder på at ho hadde på seg lyse klede då ho forsvann. Foto: Privat

Politiet kan ikkje sikkert seia om Elina Brandt-Hansen faktisk gjekk av bussen ved Blommen. Videoovervakingsutstyret i bussen var i ustand, så det eksisterer ikkje opptak frå bussturen.

Mobiltelefonen til den sakna kvinna skal ha gått tom for straum eller mista dekninga rundt Fjell gard.

– Me veit at ho hadde bussbillett som var gyldig fram til Kolltveittunnelen, seier etterforskingsleiaren.

Elina Brandt-Hansen, som bur i Klokkarvik, vart meld sakna torsdag kveld. I byrjinga leita ein i nærområdet i Klokkarvik. Så har ein etter kvart flytta seg lenger nordover på Sotra.

Innsatsleiar Synnøve Malkenes i politiet fortel at dei har ute hundar frå politiet og Norske redningshundar, og at dei sender ut mannskap frå Røde Kors og Sivilforsvaret.

– No konsentrerer me oss om området rundt busstoppet og turterrenget rundt. Me går langs vegar og dei same områda me gjekk i går, me må gå over områda ein gong til. Søket held fram med full styrke, seier Malkenes.

I går var eit Sea King-helikopter med på søket. Så langt i dag er det ikkje sett inn helikopter, men det kan ifølgje politiet bli aktuelt på eit seinare tidspunkt.

Røde Kors-huset på Straume Foto: Erlend Kristiansen