Smellen skal ha skjedd klokka 15.21, midt i ettermiddagsrushet fredag. Politiet sin operasjonssentral melde at ein bil skal ha køyrt inn i ein annan bil bakfrå, ved avkøyringa til Bildøy rett aust for Kolltveittunnelen.

Ifølgje politiet vart det full stopp i trafikken. Vestnytt sine trafikkamera viste at trafikken stod heilt stille på riksveg 555 både austover og vestover mot ulukkesstaden.

Det var to personar i kvar av bilane. Ifølgje politiet var alle ute av køyretya kort tid etter uhellet.

Bergingsbil kom til staden rundt klokka 15.50. Politiet melde like etter at dei starta manuell dirigering.

Ein av førarane hadde hodesmerter og vart kjørt til Haukeland universitetssjukehus for sjekk.

Klokka 16 avslutta naudetatane på staden, og vegen vart opna for normal ferdsel. Som alltid når det skjer uhell i rushtida, tok det litt tid før køane var tilbake til det normale.

Trafikken stod stille i Kolltveittunnelen etter trafikkuhellet. Foto: Erik Rosnes