Foldnes-elevar slepp ut av karantene

Ein tilsett på skulen har testa negativt, men må framleis halda seg inne.

Publisert: Publisert:
  • Kyrre Styve

Elevane og dei tilsette på Foldnes skule har vore i heimekarantene sidan torsdag. Årsaka var at ein mistenkte at ein tilsett kunne vera smitta av korona.

Den tilsette vart testa, og i dag har prøveresultatet kome. Det er korona-fritt, dermed slepp elevar og dei tilsette ut av karantene.

Også elevar ved Ågotnes skule og Tranevågen skule har vorte sett i karantene på grunn av korona-tilfelle eller mistanke om korona i omgangskrinsen.

Den tilsette må framleis vera i karantene, i henhold til Folkehelseinstituttet sine prosedyrer.

Les også

Kvar femte helsearbeidar kan ikkje møta på jobb

Koronatesten er rekna å vera relativt påliteleg, men det gjeld først og fremst etter at symptoma har slått ut for fullt. Det kan gå fjorten dagar frå ein blir smitta til ein viser symptom, og i mellomtida kan testen gje negativt utslag.

CT-scanning av lungene til koronasmitta personer har vist endringar i lungene sjølv om personane er symptomfrie. Les meir om dette og andre korona-problemstillingar i nettpraten Vestnytt hadde med smittevernlegen og ordføraren:

Publisert:

Les også

  1. Dette svarte smittevernlegen og ordføraren om korona

  1. Korona
  2. Koronaviruset