Fjellsokning Geir Magnus Nyborg ville fylt 67 år om to dagar. Han var gift med KrF-politikar Torill Selsvold Nyborg.

– Geir Magnus var ein god ven. Eg hadde store glede av å vera saman med han, seier rektor Erik Waaler ved NLA Høgskolen.

– Han jobba i NLA i to periodar, seier Waaler til Vestnytt.

Nyborg starta første gong i NLA i 1990 i Sandviken og blei verande til 2001. Den andre perioden ved høgskulen starta i 2009 og varte fram til no.

– Han var på veg mot pensjonsalder, men nådde diverre ikkje den, seier Waaler.

Ein gründertype

Ved NLA starta han opp studiet Interkulturell forståelse, som etterkvart vart ein mastergrad.

– No i seinare tid jobba Geir Magnus med å få på plass ein mastergrad i journalistikk ved eit universitet vi samarbeider med i Sucre i Bolivia. Han var ein gründertype som det alltid skjedde noko rundt. Han skapte noko heile tida, seier Waaler. Ved Gimlekollen i Kristiansand var han såkalla prorektor, og etterpå vart Mediehøgskolen Gimlekollen innfusjonert i NLA.

– Han bidrog til at NLA-høgskolen har blitt så stor som han har blitt, seier Waaler.

Fekk folk med seg

I tillegg til å vera medievitar og teolog, var Geir Magnus Nyborg også misjonær. Han var i Peru som misjonær, og frå 2004 til 2010 var han styreleiar i Strømmestiftelsen.

– Eg har vore aktiv i Norsk Luthersk Misjonssamband, og eg kan seia at vi på bedehusa på Askøy fekk fleire føredrag og kåseri av Geir Magnus. Han var ein ynda kåsør som dreiv litt halloi med oss sjølve og fekk oss til å le. Slikt gjer noko positivt med eit menneske, meiner Waaler. Han skildrar Nyborg som godmodig, triveleg og jovial.

– Han hadde ei utstråling som gjorde at han fekk folk med seg, seier Waaler.

Første redaktør i Vestnytt

Nyborg vart lokalavisa Vestnytt sin aller første redaktør i juni 1988, og han var den første redaktøren i Kystradioen. Han var generalsekretær for Kristelig Kringkastingslag, som i 2002 skifta namn til Familie og Medier. I dag heiter organisasjonen Tro og Medier. I mange år leigde organisasjonen lokale i Vestnytt-bygget på Straume og delte lunsjrom med dei tilsette i Vestnytt.

Nyborg var også med på å starta organisasjonen Barnevakten, som jobbar for at barn og unge skal kunna bruka media på ein trygg og bevisst måte. Med doktorgrad i medievitenskap hadde Nyborg klare meiningar om media si rolle.

Politikar i Fjell

I 2015 fekk Geir Magnus Nyborg ein internasjonal mediepris. På det tidspunktet hadde han ei leiarstilling ved Gimlekollen mediahøgskule i Kristiansand. Nyborg fekk brubyggjarprisen til den internasjonale kristne organisasjonen Fellowship of European Broadcasters (FEB).

Nyborg har site i kommunestyret i Fjell for KrF.

– Geir Magnus var ein god ven og ein god mann å ha kontakt med, seier Odd Bjarne Skogestad i Fjell KrF.

Skogestad og Nyborg var ein periode kollegaer ved Bibelskulen på Bildøy. På Bildøy budde også Nyborg og familien i mange år, sjølv om det var på Steinrusten på Askøy han vaks opp.

– På Bibelskulen gjekk han i spissen for å få på plass ei medielinje. Han var ein gründertype, og den eigenskapen tok han med seg då han starta opp Vestnytt, seier Skogestad.

Gjennomføringskraft

Nyborg var kjent som ein mann med mange jarn i elden og stor gjennomføringskraft.

– Han var ein sentral mann i kristenlivet i Fjell, og var ein trufast medspelar innan det som skjedde både i kyrkje og bedehus. Men når det gjeld verv, har han meir hatt det nasjonale og internasjonale som verkeområde, seier Skogestad.

Han skildrar Geir Magnus som ein jovial og omsorgsfull mann med stor innsikt på mange felt.

– Han var og flink til å ausa ut av sin kunnskap. Geir Magnus var ein mann med veldig godt humør. Han var lett å koma i kontakt med og tok ikkje seg sjølv høgtideleg. Det vert eit stort sakn etter han, seier Odd Bjarne Skogestad.