Ingen nye prøvesvar, men førebur seg på at fleire blir sjuke

Det kan henda at det er stille før stormen.

Publisert: Publisert:
  • Kyrre Styve

– Me har så langt ikkje fått nye prøvesvar denne helga, seier ordførar Tom Georg Indrevik.

I Øygarden er det no 11 stadfesta tilfelle av koronasmitte. Etter det kommunen kjenner til, er ingen av desse innlagt på sjukehus. Ifølgje BT er 17 personar med koronasmitte innlagt på sjukehus i Bergen. På landsbasis er det 169 personar på sjukehus.

– Me planlegg no for neste fase, seier ordføraren.

Fryktar auke

Det som kan bli neste fase, er ei vesentleg auke i talet på folk som er smitta samt smitta personar som treng helsehjelp. Prognosane for kor raskt og kor mykje viruset kjem til å spreia seg, er svært usikre.

– Me planlegg for det verste og håpar på det beste, seier han.

I ei risikoanalyse konkluderte Folkehelseinstituttet med at korona kan råka Noreg hardast i perioden mai-august.

Mykje er usikkert

Litt av problemet er at det per no er svært usikkert kva dødelegheit virussjukdomen har. Det er og usikkert kor smittsamt viruset er. Litt av problemstillingane rundt det kan du lesa her.

Planlegginga handlar mellom anna om å kunna ha sengeplassar til dei som blir sjuke, mellom anna på sjukeheimar. Men koronasjuke som treng behandling skal først og fremst på sjukehus - å ta i bruk sengeplassar i Øygarden blir primært aktuelt dersom sjukehusa blir overfylte.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Her kan du parkere bobilen, og tømme doen

  2. Slik går det med serveringsstadane

  3. Vil du til Lattervika eller Brokeskiten?

  4. Her går kloakken rett i sjøen

  5. Mann laget kvalme og slo til annen person

  6. Nødssituasjon på «Ocean Viking»

  1. Korona
  2. Koronaviruset