Søndag er den siste dagen i 2017, og tradisjonen tru skal det nye året innviast med fest og rakettar.

Somme gonger kan element som vind, skodde og lågt skydekke gjera sitt for at sjølve rakettoppskytinga blir noko amputert, eller i verste fall avlyst, men i år ser det faktisk ganske så bra ut.

Meteorolog Frode Hassel seier at me snart går inn i ein meir stabil periode.

– Men først skal det regna og sludda litt. Fredag kjem det ein del byer frå vest. Kor mykje som faktisk kjem er vanskeleg å seia, men litt er det nok. Utover laurdagen skal det klårna opp igjen og bli kaldare, sa Hassel torsdag ettermiddag.

Prognosane for nyttårsvêret ser bra ut.

– Det blir låge temperaturar, opphaldsvêr og lite vind. Det ser ganske greitt ut med tanke på rakettoppskyting. Vêret på nyttårsaftan vil, slik det ser ut no, halda fram også dei første dagane i det nye året, sluttar Hassel.