– Brannen skal ha starta nesten eksplosjonsarta. Huset var overtent veldig fort, sa vakthavande ved brannvernet sin 110-sentral litt over midnatt.

Då stod flammane ut av fleire vindauge, og ei tjukk søyle av røyk og damp strakk seg høgt oppover. Brannmannskapa jobba for å dempa flammane for å hindra at andre hus vart tatt av brannen.

Alle kom seg ut

Det var rundt midnatt natt til torsdag at brannvernet fekk melding om brann i eit bustadhus på Søre Bildøy. Dei rykka ut med tre brannbilar frå Bergen og to frå Ågotnes. Men det var lite å gjera for å redda huset.

Foto: Kjersti Andrea Storhaug

– Det var fare for spreiing til nabohus, men det er heldigvis avverga, sa vakthavande ved 110-sentralen til Vestnytt klokka 00.30.

Det var bebuarar i huset som sjølv oppdaga brannen, og alle kom seg ut uskadde.

Huset totalskadd

Klokka 00.45 melder brannvernet at dei har kontroll på brannen. Rundt klokka 01.00 melde politiet at ein lar huset brenna kontrollert ned.

Årsaka var at det uansett ikkje var mogeleg å redda huset, og at det difor var tryggare å la det brenna til grunnen enn å la brannskadde veggar bli ståande.

Brannårsaka er førebels uklar.

Flammane stod ut av vindaugene. Foto: Kyrre Styve