Stengjer leikeplasser og uteområde ved idrettsanlegg

Leiinga i Øygarden kommune har avgjort at det ikkje lenger vert høve til å nytta uteområda og leikeområda ved barnehagane og skulane.

Publisert:

Foto: Inger Elise J. Økland (Arkiv)

  • Hilde Olsen Aalvik

Det same gjeld uteområda ved idrettsanlegga.

– Vi forstår at folk har lyst til å vere ute, men vi har ein sjanse no for å avgrense smitten. Vi har derfor gått til det drastiske med å stengje skuleplassar og leikeplassar, seier ordførar Tom Georg Indrevik.

– Forstår at det kan vere utfordrande

Kommunalsjef for oppvekst, Anne-Merete Vabø Haugane, seier at den vanskelege situasjonen tvingar kommuneleiinga til å ta grep som kan oppfattast som strenge .

– Vi ser at mange er flinke og passar godt på barna sine ved at til dømes berre søsken får gå ut til anlegga. Likevel er det slik at der treff dei mange andre i same situasjon. Det er vanskeleg for ungane å løysa ein slik situasjon, seier Vabø Haugane.

Indrevik seier dei i helga såg at det var store menneskemengder på skuleplasser og ved leikeplasser.

– Hvis alle hjelper kverandre litt blir det enklare å hugse på det. Vi forstår at dette kan vere utfordrande.

Det kjem også til å kome opp skilt fleire stader for å gjere folk klar over dette.

– Hvis dei blir klare til helga vert dei sett opp då. Vi vil gå ut med tydelege beskjedar, seier Indrevik.

For å redusere smittefare

Kommunalsjefen seier at kommuneleiinga, barna, dei unge sjølv, føresette og lokalmiljø, saman no må vera med og sikra at også alle innbyggjarar held seg til dei nasjonale retningslinjene, skriv kommunen.

- Det er ein risiko for smittespreiing ved felles bruk av leikeapparat, ved tett leik, samtalar og liknande. Vi må gjerne ferdast ute og halda oss i aktivitet, men det kan gjerne gjerast ved å gå på tur aleine eller få personar saman, og som alltid halda god avstand til kvarandre, seier Vabø Haugane.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Her kan du parkere bobilen, og tømme doen

  2. Slik går det med serveringsstadane

  3. Mann laget kvalme og slo til annen person

  4. Øygarden tapte sin første seriekamp

  5. Dette badevannet får tommelen opp

  6. Vil du til Lattervika eller Brokeskiten?