Politiet melde klokka 12.12 at naudetatane var framme og jobba med å få kvinna laus frå bilen.

– Ho skal ha site fast med beina, fortel operasjonsleiar Vibeke Ness i Vest politidistrikt.

Klokka 12.22 melde politiet at kvinna er frigjort.

Ulukka skjedde på fylkesveg 555 like sør for avkøyringa til Vorlandsjøen. Ifølgje politiet på staden skal møteulukka ha skjedd då personbilen kom over i motgåande kjørefelt.

Var medviten

Det er førebels uvisst kva helsetilstanden kvinna er i, men ho skal vera medviten. Kvinna vart frakta til Haukeland universitetssjukehus i helikopter.

Alle naudetatane rykka ut til ulukka. Foto: Vestnytt-tipsar

– Det er tale om ein frontkollisjon der bilen har fått store skader, seier operasjonsleiaren.

Lastebilsjåføren uskadd

Det er lite trafikk på staden, og ifølgje politiet kan bilar passera.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 11.45, men fekk først opplyst at ingen var fastklemt. Då det kom melding om at føraren av personbilen var fastklemt, rykka naudetatane ut med ytterlegare mannskap.

Lastebilsjåføren framstår ifølgje politiet som uskadd.