SISTE: Innsatsleiar Casper Kaland fortel rett over klokka 12 at politiet avventar vidare søk. Politiet sit på opplysningar om at den sakna Elina Brandt-Hansen skal ha tatt ein buss i 10-tida onsdag, same dag som ho vart meld sakna.

Saman med politiet er blant anna frivillige frå Sivilforsvaret og Røde kors samla ved Sund kyrkje i Klokkarvik, som blir brukt som base for leiteaksjonen.

Tok buss

– Det har komme ein del nye opplysningar no som gjer at vi kanskje må vri søket litt. Det vi veit er at vi saknar denne kvinna, fortel innsatsleiar Casper Kaland.

Politiet er kjend med at den sakna Elina Brandt-Hansen tok ein buss frå Klokkarvik til Skogsskiftet i går formiddag.

– No avventar vi søket, for vi har fått bekrefta at ho har tatt ein buss ut av området, men vi veit ikkje kor langt. Det jobbar vi med å få bekrefta.

Politiet jobbar no med å finne ut korleis dei skal jobbe vidare.

Redningshelikopter

I 9.30-tida melde politiet at ogå ei redningsskøyte og eit redningshelikopter ville bli satt inn i søket.

Det var i går at kvinna i 60-åra blei meld sakna av familien sin. I natt har det difor pågått søk, og det held fram utover dagen, fortel politiet.

Frivillige

Frivillige frå Røde Kors, Norsk Folkehjelp og Norske redningshunder er også med å leite etter kvinna. Sistnemnde bidrar med to redningshundar i søket.

– Vi fekk melding om dette like før midnatt, at ei kvinne i 60-åra var sakna. I natt har vi leita med politiressursar og no har vi også bedd om hjelp frå frivillige ressursar, fortel operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Vibeke Næss.

Leiteaksjonen har utgangspunkt i Klokkarvik, i området kring Sund kyrkje.

Har du informasjon som kan tenkast å vera til nytte i saka, kan du ta kontakt med politiet på Sotra på telefon 90770704 eller 56315800.

Politiet har no gått ut med namn og bilete av den sakna kvinna.

ILLUSTRASJONSFOTO: I løpet av dagen vil eit redningshelikopter frå Sola bli sett inn i søket etter den sakna kvinna. Foto: Philip Gabrielsen/Wikipedia