Sponsar vaksine mot hjernehinne­betennelse

Øygarden kommune og Vestland fylke tek rekninga slik at alle førsteklassingar ved Sotra vidaregåande skule får tilbod om vaksine.

Publisert: Publisert:

Elevar ved Sotra vidaregåande avdeling Bildøy får tilbod om vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse. Foto: Kyrre Styve (arkiv)

  • Karstein Sæverås

I fjor tok gamle Hordaland fylke heile rekninga for at elevane skulle få vaksine mot hjernehinnebetennelse. Då gjekk talet på unge som vaksinerte seg kraftig opp frå 2018, då elevane eller foreldra måtte ta rekninga sjølv. No tilbyr det nye fylket seg å ta halve rekninga, viss kommunane dekkar resten.

– Det er eit tilbod me ikkje kan seia nei til. I utval for tenester og levekår går me inn for eit spleiselag mellom fylke og Øygarden kommune, sier nestleiar Ernst Einarsen (H).

Det er viktig at vaksina vert tilgjengeleg for alle

For Øygarden kjem kostnaden på 85.000 kroner. Når Vestland fylke går inn med tilsvarande beløp er det ein kostnad på 170.000 kroner det offentlege er villige til å ta på seg, slik at elevar og føresette slepp å ta rekninga sjølve.

– Når me først bidreg til eit slikt tilbod er det viktig at det vert tilgjengeleg for alle. I utvalet var fleire opptekne av at ikkje berre førsteklassingane, men også elevar frå andre- og tredjeklasse som ikkje har fått vaksina, bør få tilbodet, seier Einarsen.

Også elevar ved avdelinga i Skogsvåg får dekka vaksine. Foto: Erik Bentdal Støverud

Tidlegare var det russen som fekk størst merksemd med tanke på tiltak mot smittsam hjernehinnebetennelse. Dermed var det tredjeklassingane som fekk vaksine og elevar på yrkesfag gjekk glipp av tilbodet. I 2019 fekk alle elevar i VG1, 2 og 3 tilbod om gratis vaksine, slik at ein no i utgangspunktet berre treng å gje tilbodet til elevar i VG1.

Helsesjukepleiar startar til vanleg planlegginga av vaksineringa i januar og gjennomfører den i desse dagar eller seinast i midten av mars, i tråd med tilråding frå Folkehelseinstituttet.

Publisert:

Les også

  1. Shuttlebussens stoppested kan skape farlige situasjoner

  2. Forsinkelse for fergen på Klokkarvik

  3. Fjernet returpunkt: – Forsøplingen har vært problematisk for de som bor i området

  1. Vaksine
  2. Sotra vidaregåande skule