Dei fine vinterdagane er historie, og føre oss har me det som for oss vestlendingar kan kallast normalt vêr.

– Ja, det er ikkje noko unormalt med dette vêret, humrar vakthavande meteorolog Steinar Skare.

Fare for torevêr

På onsdag vart det først nokre timar med liten og til dels sterk kuling, før vinden dreia meir mot sørvest på ettermiddagen.

Skare legg til at vindstyrken vil liggja på det som på fagspråket heiter liten storm, altså i underkant av 25 meter i sekundet.

– Dette gjeld for kystområda. Det er også fare for at det kjem til å lyna og tora litt, både på onsdag og torsdagen, seier Skare.

– Helga ser ikkje bra ut

Gjennomgangsmelodien for dei neste dagane er nedbør og regn. På fredag skal temperaturen ned nokre grader igjen, og det skal koma mindre nedbør.

– Helga ser uansett ikkje så bra ut og det skal både blåsa og regna godt utover laurdagen, melder Skare.