Her bit haien seg fast i fiskebåten

Nekta å sleppa taket.

Haien gjekk til angrep på fiskeutstyret, og nekta å sleppa taket. Byrjar du å nynna på kjenningstonane frå «Haisommer» no? (Klikk på biletet for å sjå fleire bilete)
«Liegrunn» fiska etter sild. Dette er definitivt ikkje ei sild.
  • Kyrre Styve
Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

– Han hang godt fast.

Det seier Verner Møllerstrøm Skålevik, som jobbar på fiskebåten Ligrunn.

Onsdag var dei ute og fiska etter sild rett vest for Haugesund. Då var det ikkje berre sild som hamna i nota.

– Me såg at det symde ein stor hai blant silda, fortel han.

Beit i pumpa

Ei ringnot dekkjer eit areal tilsvarande femten fotballbaner, så haien hadde bra med plass. Truleg har haien og båten vore ute etter den same sildestimen. Mannskapet bestemte seg for å pumpa silda opp før dei tok seg av haien.

– Plutseleg for heile pumpa på 1500 kilo opp og ned. Haien hadde bite seg fast. Og der hang han godt og lenge.

Haien ville helst ikkje sleppa taket i 64 meter lange Ligrunn.

Haien var ein håbrann på eit par meter. Arten liknar mykje på kvithai, den største og mest frykta av haiane.

Håbrann er raudlista, det var difor viktig å prøva å få laus haien utan å skada han.

– Han var lite lysten på å sleppa taket Eg måtte bruka kranen til å klaska pumpa opp og ned i sjøen eit par gonger. Då sleppte haien seg laus og symde fint avgarde, fortel Skålevik.

– Hai blir vanlegare

Det er andre gongen på tjue år som fiskar at Verner Skålevik har sett slik hai.

– Men fiskarar får oftare og oftare hai, fortel han.

Sjølv om haien beit seg fast med all si kraft, gjorde han ikkje noko skade på utstyret på Liegruppen sin fiskebåten. Dermed var det ikkje nødvendig å seia som i «Haisommer»: «We’re gonna need a bigger boat».

– Det er verre med kval, når me får ein kval på 30 tonn i nota kan det bli skader, seier Verner Møllerstrøm Skålevik.

Haien hang godt fast.
Publisert:
  1. Mest leste nyheitssaker i 2018
  2. Fiskeri
  3. Seksuell trakassering

Mest lest akkurat nå

  1. Kraftig regn - har sendt ut farevarsel

  2. Sotra Sportsklubb planlegg nybygg for 46 millionar kroner

  3. Gav vekk inventaret. No gjev dei vekk huset

  4. Line Beate samler inn penger til elevene etter beskjed om at skolen bare kan kjøpe toalettpapir og såpe

  5. Krever helsesykepleier på ungdomsskolen

  6. – Barn og unge taper på underbemanning