Politiet opplyser at årsaka til stengingar var ein bil som sklei av vegen.

– Bilen har sklidd ved avkøyringa til Loddefjord. Vegtrafikksentralen stenger tunnelen. Det var berre ein person i bilen og føraren er ute av køyretyet. Han ser ut til å vera uskadd og politiet er på staden, melde operasjonssentralen i Vest politidistrikt.

Vegtrafikksentralen melde at tunnelen var stengt i båe retningar og viste til eit trafikkuhell på Liaflaten som årsak til stenginga.

– No er begge løp stengt på grunn av utrykningskjørety på båe sider. Det er vanskelig å seia kor lenge tunnelen blir stengt, sa trafikkoperatør Ove Amundsen til bt.no klokka 10.50.

Han rår folk å køyra forsiktig.

– Me har folk ute og strør på vegane no. Det er blitt litt kjøligare og då kan det også bli glattare, seier Amundsen i Vegtrafikksentralen.

Sentralen melder klokka 11.14 at vestgåande løp er opna. Siste melding frå Vest politidistrikt på twitter:

«Viking er på stedet. Glatt vegbane i området. Vestgående løp (som var stengt) er nå åpnet opp. Patruljen avslutter. Ingen sak opprettes. Fører ikke skadet. Østgående løp er fremdeles stengt».

Klokka 12.33 melder Vegtrafikksentralen at båe løp er opna for trafikk.