Ettermiddagsrushet har som vanlig begynt å melde seg vestover mot Øygarden og Askøy.

– Det går tregt som vanlig, sier Jan Audun Marøy, trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen.

Det er om ikke annet mulig å håpe på lettere trafikk langs riksvei 555 i morgen ettermiddag, da Godviksvingene åpnes for trafikk for de som skal mot Askøy i ettermiddagstimene.

Siste innlegg

Ruth Mari Skulbru

Tett trafikk vestover

Klokken 15.35 går ettermiddagstrafikken som vanlig sakte men sikkert fremover.

– Det er tett trafikk og lange køer, mulig litt stillestående, men det er slik det pleier å være, forteller Albert Sherrington, vegtrafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen.

Kyrre Styve

MC-førar brukte mobilen medan han steila

Politiet drog på leiting etter ein motorsyklist torsdag kveld. Bakgrunnen var ein annan trafikant som hadde sett mildt sagt uvettig køyring.

– Motorsyklisten låg på bakhjulet på fylkesveg 561 i Kolltveit-området. Og samstundes som han låg på eitt hjul, brukte han mobil, seier politioverbetjent Kjell-Bjørn Heggøy.

Bilisten som melde frå, gav politiet løpande oppdateringar på kor ferda gjekk. Motorsyklisten køyrde gjennom Kolltveittunnelen og svingte av mot Sartor. Der forsvann han.

– Vi rykka ut og leita. Så oppsøkte vi ei adresse, men det viste seg å ikkje vera den aktuelle motorsyklisten, seier Heggøy.

Motorsykkelen skal ha vore utan skilt.

– Denne typen åtferd i trafikken er heilt uakseptabel. Det er farleg både for dei sjølv, medtrafikantar og fotgjengarar. Det skal lite til før ein går overende. Slik køyring er useriøs og straffbar. Vi vil gjerne at publikum melder frå når dei ser sånt, seier han.

Kyrre Styve

Mange mista straumen

2059 var kundar er utan straum torsdag morgon. Straumbrotet er sør på Litlesotra, på Bjorøy, nord på Tyssøy og på eit lite område på Lie.

Ifølgje BKK er årsaka ukjent.

Straumbrotet vart registrert klokka 07.52.

Klokka 08.09 skal dei fleste på Litlesotra ha fått tilbake straumen. Då stod det att 917 kundar som ikkje kunne bruka kaffitraktaren.

Klokka 10.07 var det 296 kundar som framleis er utan lys og varme.

Klokka 10.40 skal alle ha fått straum i husa att.

Kyrre Styve

Normal kø torsdag morgon

Rushtidskøen er heilt som den brukar å vera. Det melder Vegtrafikksentralen klokka 07.29 torsdag. Det var då køar inn mot Kolltveittunnelen vestfrå, og vidare fram til Sotrabrua.

Ruth Mari Skulbru

Ettermiddagrushet: – Det går som vanlig sent vestover

– Det går som vanlig sent vestover, forteller Jan Audun Marøy, trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen om ettermiddagsrushet mot Øygarden.

Kyrre Styve

Køproblemer på 555 på Bildøy

En personbil og et vogntog har vært involvert i et trafikkuhell på hovedveien over Bildøy. Det melder Vegtrafikksentralen klokka 07.31 onsdag. Dette har ført til en del ekstra kø i morgenrushet.

Klokka 07.44 stod køen ganske så stille helt fra Kolltveit.

Politiet dro til stedet.

Trafikkuhellet skal ikke ha ført til personskader.

Jan Erik Storebø

Tett trafikk mot Sotra

Veitrafikksentralen melder om mye biler på veiene tirsdag ettermiddag.

Trafikkoperatør Tom Hansen forteller at trafikken flyter relativt greit mot Sotra, men at det er vanvittig mye biler som kommer ut fra Knappetunnelen ved Liaflaten.

- Det er ganske tett med trafikk mot Sotra, sier han.

Karstein Sæverås

Ventar på graveløyve ved Pyttane

Kart lagd med Datawrapper Foto: Kyrre Styve

Før den nye turparkeringa for Pyttane kan gjerast ferdig, må entreprenøren ha eit nytt graveløyve. Det kom fram i «spørjetimen» i forrige kommunestyre. Arbeidet med parkeringa er knytt til jobben med ny trasé for vassleidning på Ekrhovda. Vestland fylke må gje grave- og framføringsløyve for traséen, så snart det er på plass kan også arbeidet med parkeringa halda fram.

Kyrre Styve

Morgonrushet: Kø, men ikkje spesielt ille

Det er som vanleg saktegåande kø austover mot Sotrabrua i morgonrushet tysdag. Det fortel Vegtrafikksentralen klokka 07.30.

Det har ikkje skjedd noko spesielt i trafikken så langt denne morgonen.

Ruth Mari Skulbru

Fisketurister ivaretatt etter at båt tok inn vann

Foto: Skjermdump google maps

Klokken 17.05 mandag fikk HRS Sør-Norge melding om en fritidsbåt med fisketurister som er i ferd med å synke i Øygarden.

Båt fra brannvesenet er kommet på plass og ivaretar de nødstedte, skriver de på X.

– De to redningsskøytene som ble sendt ut har snudd og sendt hjem igjen da alle som var om bord i båten er gjort rede for og fremstår i god form, opplyser Børge Galta, redningsleder ved HRS Sør-Norge, like over klokken 18.00.

Hendelsen skal ha skjedd midt i Hjeltefjorden mellom Herdla nord på Askøy og Ovågen i Øygarden.

Det skal ha vært totalt seks personer involvert, men Galta forteller at det er noe uklart hvem som var i den synkende båten da en annen fritidsbåt bistod den synkende båten.

Ifølge brann og redningssjef i Øygarden, Bjørn Olav Paulsen skal de involverte være tyske turister og at de dro ut i to båter.

– Den ene båten tok inn vann, og gikk ned ut ifra de opplysningene vi har, forteller han.

Båtene skal ha vært utleiebåter, derfor er Havarikommisjonen varslet om hendinger.

Det skal ifølge politiet ha vært tre personer om bord i båten som havarerte.

Ruth Mari Skulbru

Bil med stans i Lyderhorntunnelen fjernet

Rett etter Lyderhorntunnelen i retning vestover var det en bil med stans i venstre felt, skriver Vegtrafikksentralen på X kl. 16.04

Bilberger har hentet bilen, skriver de kort tid etterpå.

Kyrre Styve

Rykket ut til høytflyvende drone

Søndag klokka 12.30 fikk politiet melding om en drone som fløy for høyt på Lie.

Politiet rykket ut, men fant ikke dronen eller droneføreren.

– Jeg vil minne alle som har drone på at de må sette seg inn i regelverket og overholde det, sier konstituert politistasjonsjef Sven Erik Midthjell.

En av reglene gjelder høyde - det er ikke lov å fly så høyt at man forstyrrer helikopter- og flytrafikk. I tillegg er det blant annet begrensinger på å fly over folk.

Kyrre Styve

Mistenkjer ruskøyring i Drotningsvik

Litt før klokka 09.30 måndag stoppa Utrykkingspolitiet ein bil i Drotningsvik. Politipatruljen meiner at føraren, ei kvinne i tjueåra, var rusa. Ho vart dermed tatt med til legevakt for blodprøve.

Hilde Olsen Aalvik

Morgenrushet: – Treigt i starten av Sotrabrua

Det går treigt i trafikken ved starten av Sotrabrua, opplyser trafikkoperatør Eirik Elnes.

– Så løser det seg opp og flyter foreløpig fint innover mot sentrum, sier Elnes.

Hilde Olsen Aalvik

Bil i fjellveggen på Rong - luftambulanse på vei mot stedet

Nødetatene er på vei til stedet, opplyser 110 Vest.

Vest politidistrikt opplyser at en bil har kjørt i fjellveggen.

– Kun fører i bilen. Store materielle skader på bilen på bilen, skriver politiet.

Det er stans i trafikken.

Luftambulanse sendt mot stedet og bilbergingsbil er rekvirert, skriver Vest politidistrikt.

Kyrre Styve

Brann i sikringsskap på Rong

I 12-tida torsdag byrja det å brenna i eit sikringsskap i ein bustad på Rong.

– Det skal ha vore opne flammar, fortel konstituert politistasjonsjef Sven Erik Midthjell.

Folk på staden fekk sløkkt brannen raskt ved å bruka pulverapparat.

Kyrre Styve

Åtte måtte punga ut ved Sotrabrua

Politiet vinka inn åtte køyretøy då dei hadde fartskontroll rett aust for Sotrabrua torsdag.

Den raskaste av trafikantane køyrde i 70 km/t i sekstisona. Det blir premiert med ei rekning på 3150 kroner frå staten.

Kontrollen byrja litt før klokka 14, og etter to timar pakka politiet saman.

Kyrre Styve

Relativt rolig i morgonrushet

Det er ikkje veldig ille kø i morgonrushet fredag. Det melder Vegtrafikksentralen klokka 07.28.

Det har ikkje vore spesielle hendingar i trafikken så langt denne morgonen.

Kyrre Styve

Bilbrann på Knappskog

Foto: VN-tipsar

Det er opne flammar frå ein bil på Knappskog. Det melde 110-sentralen klokka 17.59 torsdag.

Klokka 18.04 er brannmannskap framme på staden. Dei melder at bilen står i full fyr, men at det ikkje er fare for spreiing.

Politiet melder like etter at det er ein personbil, og at personane i bilen skal ha kome seg ut. Det er ikkje meld om personskade, men skal vera mykje røyk i området.

Klokka 18.10 melder Vegtrafikksentralen at fylkesveg 561 er stengt ved krysset mot Fjæreidevegen. Det er om lag der bilen står.

- Brannen er no sløkt, seier vaktkommandør Helge Lund ved 110-sentralen klokka 18.23.

Det stod då att litt arbeid med ettersløkking og opprydding.

Ifølgje brannvernet var det ein bensinbil som tok fyr.

Klokka 18.20 melder politiet at bilbergar er på veg til staden, og at bilen er utbrent.

Klokka 18.55 opna vegen att.

Kyrre Styve

Ettermiddagskø heilt på det jamne

Køen i ettermiddagsrushet torsdag er som den brukar å vera. Det vil seia saktegåande kø frå Liavatnet og vestover på riksveg 555.

Det er så langt ikkje meld om spesielle hendingar i trafikken denne ettermiddagen.