Langt frå idyllisk under den glitrande overflata

Kvar einaste gong dei dykkar, ser dei det: søppelet. Nyleg henta dykkarar opp 1,7 tonn avfall frå Rongesundet. Det tok under to timar.

Publisert: Publisert:

Trist status på havbotnen ved Rong. Foto: Anders Schouw

To dykkarar med ei metalgrind som skal ned i sekken. Foto: Laila J Reigstad

Dykkeleiar Ane Mengshoel gjennomgår dykketider og luftstatus før dugnaden kan starte. Foto: Laila J Reigstad

To dykkarar med ei metalgrind som skal ned i sekken. Foto: Laila J Reigstad

Ein av dykkarane er i gang med å samle inn avfall like ved land. Til venstre i bildet ser vi ein av dei store innsamlingsposane. Foto: Laila J Reigstad

Dykkar Ørjan Knudsen fyller sekken. I bakgrunnen David Thor. Foto: Laila J Reigstad

  • Laila J. Reigstad
Denne artikkelen er over fire år gammel

For å vera heilt nøyaktig, henta dykkarane opp 1760 kilo boss frå Rongesundet.

— Det er flaut å ta med besøkjande dykkarar hit, meiner Jenny Neuhaus, ein av dykkarane som har møtt opp denne dagen for å rydda på havbotnen.

Idyllisk utgangspunkt

Det er Studentenes Undervannsklubb Bergen som er i aksjon. Ti glade hobbydykkarane frå plukka denne torsdagen søppel ved kaien på Rong i Øygarden. Etter nokre dagar kom ein kranbil og heisa alt opp frå havbotnen.

Dykkeleiar Ane Mengshoel opplyser at Rongesundet er eitt av dei mest brukte dykkeområda til klubben. Grunnane er mange.

– Her kan alle dukke, frå nybegynnaren som treng rolege forhold, til den vidarekomne som dykkar i den sterke straumen under sjølve Rongesundsbrua, seier Mengshoel. Lett tilkomst med bil gjer logistikken lett når ein skal ha med seg alt dykkerutstyret. I tillegg er området skjerma for store bølger i forhold til på vestsida.

Fann 14 bilbatteri

Men det er slett ikkje alt som er like idyllisk.

Trist status på havbotnen ved Rong. Foto: Anders Schouw

— Starten og slutten av dykket er alltid prega av forsøpling. Vi må eit stykke ut frå land før naturopplevinga kan starta, slår Mengshoel fast.

Bildekk, eksosanlegg og andre bildelar, metallrister, kvitevarer, plast og giftig avfall ligg i haugar på botnen.

— Vi har funne 14 bilbatteri! seier dykkar Anders Schouw, styremedlem og initiativtakar til dugnaden i Rongesundet.

«Bosstømming forbode»

Øygarden kommune kjenner til at avfall blir ulovleg dumpa ved kaien på Rong. Dei har sett opp skilt om at bosstømming er forbode, likevel skjer det. Nokre av bildekka er kanskje mista ned i samband med at dei har hengt som vern langs kaien, men dei fleste har ikkje merke etter å ha vore hengt opp.

Dykkeleiar Ane Mengshoel gjennomgår dykketider og luftstatus før dugnaden kan starte. Foto: Laila J Reigstad

Dykkarklubben har starta dykka sine her ute i årevis, og dei ser at det framleis vert dumpa avfall.

Ryddinga er sett i system av Norges Dykkeforbund. Til no har 50 klubbar meldt seg på med over 115 dugnadar under vatn i løpet av året. Prosjektet har støtte frå Sparebankstiftelsen DNB. Ein representant frå kvar av klubbane som deltar, har vore på opplæring. Det er nemleg litt av kvart ein kan finna på havbotnen, alt frå farleg avfall til arkeolgiske funn.

Dei ti dykkarane på Rong er difor godt førebudde når dei går ut i vatnet. Dei veit kva avfall dei skal prioritera, og ryddinga skjer under trygge forhold med riktig utstyr.

Store sekkar

Før ryddinga tar til, vert store sekkar montert på havbotnen ved kaien på Rong. Sekkane er sterke nok til å tåla 1500 kilo og kan heisast opp med kranbil.

Det dukka opp flere sekkar med svart, tjæreliknande guffe, og plastdunkar fylt med ukjent væske som var tyngre enn vatn. I tillegg var det plastsøppel i massevis, tauverk, ølboksar, sko og fiskeutstyr

I tillegg til å fylla sekkane,stroppa dykkarane saman bildekk, syklar, grinder, metalmatter og anna stort avfall på havbotnen. Dette vart heisa opp saman med sekkane nokre dagar etter dykkeaksjonen.

At dykkarane gjennom ei årrekke har glidd over stadig aukande søppeldungar, er hovudgrunnen til at dei meldte seg på denne nasjonale dugnaden under vatn.

Håpar på refusjon

For innstatsen mottek klubben 10.000 kroner frå Norges Dykkerforbund.

– Det er jo fantastisk at vi får pengar for å hjelpe, samtidig som dykkinga vert så mykje triveligare, seier Anders Schouw.

Dykkar Ørjan Knudsen fyller sekken. I bakgrunnen David Thor. Foto: Laila J Reigstad

Pengane går til utgifter i samband med ryddinga, og til klubben dersom det er noko att. Schouw fortel at utgiftene til kranbilen som heisar opp alt avfallet, åleine kjem på 10.000 kroner.

— Denne utgifta håpar vi å få refundert frå Refusjonsordninga for marint avfall, seier Schouw.

Tilbake etter vaskemaskina

Det var mykje rart blant søppelet som vart heisa opp.

– Det dukka opp flere sekkar med svart, tjæreliknande guffe, og plastdunkar fylt med ukjent væske som var tyngre enn vatn. I tillegg var det plastsøppel i massevis, tauverk, ølboksar, sko og fiskeutstyr, sukkar Schouw.

Dykkarane hadde både luft og tid til å hente opp meir avfall enn dei 1760 kiloa, men då var konteinaren ved kranbilen fylt til randa. Under ryddinga og oppheisinga med kranen vart det virvla opp mykje mudder frå havbotnen. Dette gav dårleg sikt og gjorde det vanskeleg å stroppa fast meir av det store avfallet.

– Det trengst minst éi rydding til her. Den runden tar vi til hausten når algane har forsvunne frå botnen. Den nyleg dumpa vaskemaskina som vi veit ligg der nede, men som vi ikkje fann på grunn av dårleg sikt, ho skal opp, lovar Anders Schouw.

svp://103447?view=bt

og sjå kva dykkarane fann.

Publisert:

Flere artikler

  1. NYHETER

    Sjøbotnen treng også ein ryddeaksjon

  2. MAGASIN

    Slik har du aldri sett Hjeltefjorden

  3. ARKIV

    Laga juletrefest på havets botn

  4. NYHETER

    Står uten spor etter skadeverk

  5. NYHETER

    Dette teamet skal få ungdom ut i jobb

  6. NYHETER

    «Trendy» med psykiske plager blant unge

Mest lest akkurat nå

  1. Vil ha samarbeid om betre veg

  2. Kranglar enno etter hogsten på Fjell festning

  3. Dette huset fikk nye eiere i juni

  4. Søk i dødsan­nonsene

  5. – Eg innser jo at dette ikkje var særleg smart

  6. Amalie (9) fann flaskepost. Same kveld fekk ho svar frå avsendar

  1. Dykking