Frå fredag av kan du på nytt lesa i Vestnytt om kva som skjer i bygdene framover. Vi har fått på plass ei ny, digital løysing som gjer at alle som har eit arrangement dei vil informera om, kan gå inn på nettsida til Vestnytt og bestilla det sjølv. Det er ikkje mogleg å senda informasjon til spalta på e-post.

Trykk her for å bestilla

Gå inn på skjemaet under «Arrangement» og fyll inn informasjonen du vil ha med.

Berre pass på at du følgjer retningslinjene:

På Plakaten er ein informasjonskanal i papirutgåva for lokale lag og organisasjonar. Innrykk om arrangement utan inntekt eller der inntekta går til velgjerande formål, er gratis. Kun eitt innrykk per arrangement.

Teksten kan innehalda informasjon om tid og stad, kven som er arrangør og kva for arrangement det er snakk om. Teksten skal ikkje innehalda kontakt-, pris- eller salsinformasjon.

Fristen for å få innrykket med i papiravisa går ut klokka 23.59 måndag til fredagsavisa og klokka 23.59 fredag for tysdagsavisa.

På plakaten er gratis for alle, og du treng ikkje vera abonnent for å leggja inn arrangement.