Bile Mohamed Abdi (27) og Selamawit Begashaw Endale (27) har heilt ulike utgangspunkt, liv og framtidsutsikter. Men for tida bur dei i same hus.

Nokon vil kanskje meine at dei ikkje bur der, men at dei ventar på ein stad å bu.

– Det er heilt ubeskriveleg. Mange kjem og går, medan eg har vore her lenge, seier Selam.

Det gamle eldresenteret i Klokkarvik har ein annan misjon i dag enn det ein gang hadde.

Bile Mohamed Abdi og Selamawit Begashaw.
Elise Årdal

Skjebnehus

Dørene er framleis like breie. Men i dag er det ingen sjukesenger som skal trillast inn og ut romma.

Veggborda med straumuttak er intakte. Men det er ingen heisar, senger eller pustemaskiner som er kopla til.

Opphaldsrommet har framleis utsikt mot fjorden. Men det er ingen eldre menneske som ser på «Beat for Beat» medan dei drikk kaffi. No er det fellesrom for asylsøkjarar frå heile verda.

Elise Årdal

Løfteheisar og rullestolar er erstatta med barnevogner, kosedyr og skopar i alle storleikar i dei lange korridorane på asylmottaket i Sund.

Per dags dato er 137 menneske frå 12 ulike nasjonar knytt til Sund mottak. Familiar med store born, familiar med småborn, og einslege er plassert i asylmottaket i Klokkarvik, eller i eitt av elleve hus og leilegheiter plassert ulike stader i Sund kommune.

Her ventar dei på opphaldsløyve, ein ny heim eller heimreise grunna avslag på asylsøknaden.

For å få tida til å gå arrangerar Hero, etter krav frå UDI, ulike aktivitetar gjennom heile året. Og kvar veke kan ein spele fotball eller bli med i symjebasseng.

Sund Røde Kors arrangerer også turgrupper, løpegrupper og motormekking for bebuarane. Ein eller fleire gongar i året har borna leikedagar, besøker ein bondegård og tar turen i teateret.

Ventar på familien

Bile Mohamed Abdi frå Somalia har fått opphaldsløyve. Han kom til Noreg i januar 2014. No venter han på familien sin, som for tida oppheld seg på den norske ambassaden i Etiopia. Kone og tre born venter på visum til Noreg.

Bile Mohamed Abdi.
Elise Årdal

Journalisten og aktivisten Bile flykta frå heimlandet i fjor. For nokre år sidan vart han fanga og torturert i ei veke fordi han skreiv om samfunn, politikk, kjærleik og kjønn i vekeavisene «Aayaha Nolosha» og «Xog-ogaal». Men Bile gav seg ikkje. I fjor såg han seg nøydd til å flykte.

Han skriv framleis for å oppretthalde stemma mange i Somalia ikkje tør å ha.

No skriv han også bok, og tek opp ulikskapen mellom norsk og somalisk kultur. Han har byrja å lære seg norsk og spelar fotball i Bergen sentrum ein gang i veka.

No ventar han på familien sin, for å kunne starte sitt nye liv i Noreg.

– Det er urettferdig at nokon får opphaldsløyve medan andre ikkje får det, seier Bile.

Må reise når som helst

Saman med Bile ventar også Selam med sine to born. Ho seier dei er begge er fødd i Noreg, den eldste fem år og den yngste er to år.

Far deira er sendt ut av landet grunna vald mot Selam.

Ho og borna har venta på opphaldsløyve ei stund lenger enn Bile.

27-åringen frå Etiopia kan svært lite norsk. Abiyu Baqala (29) er med for å hjelpe ho med å kommunisere.

Ifølge Selam har ho venta på asylmottaket i sju år. To år etter første intervju fekk ho avslag. To år etter andre intervju fekk ho endeleg avslag om opphald i Noreg.

I løpet av desse åra har borna hennar vakse opp i Sund. Eldstejenta skal byrja på skule til hausten.

Den unge kvinna frå Etiopia ser ikkje lyst på framtida.

Ho er redd ekskjærasten vil ta skade henne eller ta ifrå henne borna om dei må reise tilbake til Etiopia.

– Han ringer framleis og truar meg, seier ho.

Elise Årdal

Rulleskøyter i korridoren

Asylmottaket er delt inn i ulike avdelingar. Familiane har ei avdeling, medan dei einslege har ei anna avdeling.

I korridoren til Selam sin vesle familie er det full rulle dagen lang. Eldstejenta til Selam diggar dei lange gangane.

– Korleis synes du det er å vere her?

– Det er godt. Eg kan leike meg og øve meg på å stå på rulleskøyter. Eg kan leike hus, sjå på TV, teikne og perle, fortel ho.

– Korleis er det i barnehagen då?

– Alle er best. Alle er bestevennar, svarar eldstejenta enkelt.

Medan ho har budd her, har seks born flytta inn og ut av asylmottaket.

Elise Årdal

Det er heilt vanleg for eldstejenta å bu med menneske frå andre kulturar. Men ho lurer ofte på kvifor dei ikkje har like fint og stort hus som dei andre i barnehagen.

– Ho stiller ofte spørsmål som eg ikkje ventar av eit barn, seier Selam.

Eldstejenta og vennane hennar blir førsteklassingar til hausten.

– Trur du de blir henta før ho skal byrja på skulen?

– Ja.

Selamawit Begashaw.
Elise Årdal

Det er heilt stille på familieavdelinga på asylmottaket. Ute er det sol og varmt. Nokre solar seg på altanen. Frå kjøkkenet siv ei sterk krydra lukt.

Eldstejenta til Selam rullar prøvande på det medtekne golvbelegget i korridoren.

Det går ikkje så fort framover, men ho forsøker så godt ho kan.