Politiet sin operasjonssentral melde om ulukka klokka 22.25.

Ei vifte skal ha falt ned frå tunneltaket og treft ein bil. Ulukka skjedde tunnelløpet med kjøreretning mot Bergen.

Operasjonssentralen sa til Bergensavisen klokka 22.33 at etter det dei har fått melding om, var det ei kvinne i bilen, og at ho ikkje framstod som alvorleg skadd.

Tunnelen vart stengt etter ulukka.

Fredag melder NRK at Statens vegvesen har undersøkt hendinga, og at årsaka er eit mekanisk brot i rotoren på vifta.

– Dette var ikkje mogleg for oss å oppdage, seier avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Grethe Vikane til NRK.

Brotet gjorde at rotoren gjekk rundt på ein slik måte at det vart unormalt store vibrasjonar i vifta. Dette førte til slutt til at ho losna frå festet og datt ned.