Det er massive køar i morgonrushet frå Sotra mot Bergen fredag morgon. Årsaka er at Lyderhorntunnelen vart stengt i natt, og kjem til å vera stengt heile dagen. Køane held fram langt utover føremiddagen, med store problem både frå Askøy og Sotra.

– Eg har brukt ein og ein halv time frå Bildøy til Straume, fortel journalist Inger Elise J. Økland, som er på veg mot Bergen.

Vegtrafikksentralen melder at årsaka er prekært vedlikehaldsarbeid. 5. oktober fall ei vifte ned frå tunneltaket og traff ein bil. No har vegvesenet bestemt seg for å skifta ut alle viftene.

Klikk her for å sjå korleis køane er.

– Ein grundig inspeksjon i natt avdekka behov for å skifta ut alle viftene. Arbeidet vil ta heile dagen og tunnelen opnar ikkje før over helga, seier trafikkoperatør Heidi Hauge Rasmussen ved Vegtrafikksentralen.

Stilleståande kø på Straume Foto: Inger Elise J. Økland
Heidi Glesnes tok bussen og brukte kring 50 minutt frå Kolltveittunnelen til busstoppet på Bildøy. Der gjekk ho av, fordi det gjekk mykje raskare å gå resten av vegen til arbeidsplassen på Straume. Foto: Heidi Glesnes
Alle viftene i Lyderhorntunnelen skal erstattast. Foto: Kyrre Styve (arkiv)

Også mellom Askøy og Sotra er det store køproblem. Bjørn Erik Kristiansen bur på Askøy og jobbar på Straume.

– Eg køyrde heimanfrå kring halv åtte. Når klokka nærmar seg halv tolv har eg så vidt kome over Askøybrua. I dag er det nok betre å snu og jobba frå heimen. Det er fullstendig stopp i trafikken, seier Kristiansen.

Siste beskjed Vegtrafikksentralen har fått er at det vil ta heile helga før Lyderhorntunnelen opnar att.

– Det er framleis lange køar etter morgonrushet vestfrå. Frå Sotra står det kø heilt frå vestsida av Kolltveittunnelen, seier Rasmussen.

Ho rådar dei som ikkje absolutt må ut på vegen i dei råka områda til å avventa køsituasjonen. Rasmussen opplyser altså at Lyderhorntunnelen ikkje kjem til å opna att før måndag, men meiner at det er morgon og føremiddag fredag som vil vera mest kritisk.

– Når me kjem til ettermiddagsrushet i dag skal jo hovuddelen av trafikken vestover att. Vestgåande løp i Lyderhorntunnelen er ope og me reknar med at trafikken austover let seg avvikla via Loddefjord, seier vaktoperatøren.