Det var Vegtrafikksentralen som melde om stenginga.

Bjorøytunnelen vart stengt rett før klokka 13 måndag, på grunn av bilberging. Det tok berre ti-femten minutt før tunnelen opna att.

Den undersjøiske Bjorøytunnelen er to kilometer lang og går på det djupaste 88 meter under overflata. Tunnelen er einaste måten å koma seg til og frå Bjorøy og Tyssøy med bil.