Har du takboks eller skiboks på bilen etter fjellturen i helga? Då kan du gjerne ta han av før onsdag. I alle fall om du skal over Sotrabrua.

– Det ser ut til at det skal danna seg eit lite stormsenter uti havet onsdag, og dete kjem inn med sterk kuling frå sørvest. Det kan bli kortvarig liten til full storm, seier Bente Wahl ved Meteorologisk institutt.

Motstandar av tilhengar

Full storm betyr vind på minst 25 meter i sekundet, og det er erfaringsmessig meir enn nok til å få takboksane til å flyga på Sotrabrua. I slik vind er heller ikkje ein tom tilhengar det beste å dra med seg over brua.

– Det er litt sprikande prognoser. Men det ser ut til å bli mykje vind onsdag, der og aller mest om ettermiddagen. I løpet av kvelden vil det stilna att. Per no ligg det an til at Hordaland får den sterkaste vinden, seier meteorologen.

Mykje regn

Me kan håpa på at vinden ikkje blir så ille at han skapar store problem i ettermiddagsrushet. Men det er greit å vera føre var på Sotrabrua, spesielt når vinden dels kjem frå sør.

– Også på fjellet blir det ein del vind, seier ho.

Vinden er venta saman med varmt og mildt ver. Også tysdag blir det mildt og vått, men då utan særleg vind.

– Det kan bli 7–8 grader og mykje regn, seier Bente Wahl.