Astrid (49) vert ny sjef på Sartor

Frå 1. april tek Astrid Aag over for Ernst Einarsen som administrerande direktør i Sartor Holding AS.

Publisert: Publisert:

Astrid Aag går frå stillinga som økonomisjef til jobben som administrerande direktør i Sartor Holding AS. Foto: Inger Elise J. Økland (arkiv)

  • Karstein Sæverås

Ho er i dag økonomisjef i samme selskap, men overtek ved månadsskiftet den daglege leiinga av verksemda i Sartor Holding AS. Skiftet har vore planlagt ei stund og vart vedteke på eit styremøte i januar.

Omorganiserer

– Me omorganiserer konsernet slik at Ernst Einarsen kan bruka meir tid på å følgja opp utbyggingsprosjekt, medan eg tek meir av den administrative leiarrolla, seier Astrid Aag.

Ho understrekar at Sartor Holding er ein relativt liten organisasjon der «alle gjer litt av alt». Slik sett vert det ikkje så store endringar som følgje av skiftet.

– Eg skal framleis halda tak i Sartorlunden barnehage, som har vore «mitt» prosjekt så langt, og utbygginga av leilegheiter kjem til å vera sentralt framover. I tillegg vert det oppfølging av dei tilsette og andre delar av selskapet, seier Aag.

Skiftet var altså planlagt lenge før korona-situasjonen, men «unntakstilstanden» kjem no på toppen av det den daglege leiaren må handtera.

Les også

Dramatisk for Sartor - flere butikker stenger

– Litt absurd

– Det er ein litt absurd situasjon og nytt for oss alle. Men som menneske er eg den positive typen og trur at me kjem oss gjennom dette. Det er trist å sjå butikkar stenga, men det viktige er at dei er i stand til å opna att når me ser lyset i enden av tunnelen, seier Astrid Aag.

Sartor Holding AS forvaltar alle leigekontrakter med leigetakarane i Sartor Storsenter og dei andre bygningane Sartor Holding forvaltar på Straume.

Det er ein litt absurd situasjon og nytt for oss alle.

– Me ser på tiltak som betalingsutsetjing på leige og vil vurdera det frå sak til sak. Nokre har tilnærma normal drift, men generelt sett er det veldig stille på senteret no, seier Astrid Aag.

Nokre verksemder, som frisørar og liknande, er pålagt av styresmaktene å stenga. Andre opplever så liten etterspurnad at dei stenger ned og permitterer. Det har Sartor Storsenter AS også fått merka sjølve, etter at dei overtok eigarskapen til restauranten Fryd. Der er 34 tilsette no permitterte.

– Me håpte det skulle vera marknad for catering og take-away med utkøyring, men det gjekk ikkje. Når dette er over vonar eg folk er sultne på både restaurantbesøk og andre opplevingar. Eg trur folk då vil setja meir pris på det tilbodet me har lokalt, seier den påtroppande daglege leiaren.

Les også

Dette gjør Sartor for å hindre smitte

Fleire byggeprosjekt

Den avtroppande, Ernst Einarsen, stadfestar at han skal bruka meir tid på utbyggingsprosjekt som Grønatunet, Grønahagen burettslag og Grønamyrskvartalet.

– Dei to førstnemnde er blokker med over 50 leilegheiter i kvar. Dei fysiske arbeida på burettslaget startar neste månad. Grønamyrskvartalet omfattar fleire tomter og 900 kvadratmeter, med mellom anna varelevering, seier Ernst Einarsen.

Grunnarbeida er i gang, mellom anna i området ved Uno X-stasjonen. Einarsen har i lengre tid planlagt å frigjera meir tid til denne delen av verksemda.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Slik går det med serveringsstadane

  2. Her kan du parkere bobilen, og tømme doen

  3. Mann laget kvalme og slo til annen person

  4. Morsomt i all slags vær

  5. Daniel (43) døde alene på akuttmottaket – nå får samboeren erstatning

  6. Asfalterte parkeringsplass til 900.000 kroner

  1. Sartor Holding AS
  2. Sartor Storsenter