Måndag morgon er søket etter den sakna siglaren i Hjeltefjorden i gong i igjen. Det stadfestar Askøy-lensmann Torgil Lutro overfor Bergens Tidende like før klokka 08.30.

– Søket er i gong på sjø. Me konsentrerer oss no om området mellom Ramsøy og Horsøy, seier Lutro.

Han fortel vidare det no blir søkt i Hauglandsosen, i området mellom Ramsøy og Horsøy.

– Det er ikkje gjort nye funn etter at det blei funne ein seglsko i går kveld, seier Lutro.

Måndag føremiddag skal det vera eit møte mellom Operasjonssentralen, som leiar søkearbeidet, og lensmannskontoret på Askøy.

– Då vil me ta stilling til kva me skal gjera vidare, informerer Lutro.

Etter at helikopter og mange båtar søkt i Hjeltefjorden-området etter den sakna mannen søndag ettermiddag, vart søket på sjøen avslutta rundt klokka 21.30 i går kveld.

– Me avslutta dels på grunn av mørket og dels på grunn av at det ikkje er håp om å finna mannen i live om han framleis er i sjøen.

Det sa innsatsleiar Nils-Ole Sunde ved Hovudredningssentralen Sør-Noreg søndag kveld.

– Håpet er at han har redda seg i land. Det blir ei vurdering kor lenge søk langs land skal halda fram, sa han.

Klokka 21.50 opplyste operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt at det er funne eit par sko på ein holme mellom Anglevik på Sotra og Askøy. Skoa tilhøyrer etter alt å døma den sakna mannen.

– Dei blei funne på ein holme. Søk har vist at han ikkje er på den holmen, sa Algrøy til NRK Hordaland.

Søk langs land kan gjerast både av mannskap til fots og båtar med lyskastarar.

- På grunn av mørket og vêrtilhøva har det ikkje vore utført aktivt søk ute i natt. Det ville ikkje vore trygt for mannskapa, opplyser operasjonsleiar Stein Rune Halleraker ved Vest politidistrikt til bt.no.

Vurderer landsøket

Det var søndag ettermiddag at ein mann fall over bord frå ein seglbåt i Hjeltefjorden. Ei rekkje båtar, helikopter og ulike mannskap har vore med på leiteaksjonen.

Fordi søket på sjøen er avslutta, overtek no politiet ansvaret for leiteaksjonen frå Hovudredningssentralen.

– Kor lenge det blir søkt langs land, kjem i stor grad an på tryggleiken til mannskapa. Dei aktuelle områda er allereie ganske godt gjennomsøkt, så det er begrensa kor mykje optimisme ein skal ha, seier Sunde.

Usikkert om han hadde flyteutstyr

Straumforholda gjer at søket langs land har vore konsentrert om Askøy-sida av Hjeltefjorden, frå heilt aust og opp til Ramsøy/Hauglandsøya.

– Det er gjort nokre funn, men ikkje noko som kan knyttast direkte opp mot den sakna mannen, seier innsatsleiaren.

Det er førebels ikkje heilt avklart om mannen hadde flyteutstyr på seg då han fall i sjøen.

Når det lysnar måndag morgon blir det truleg gjort ei vurdering om søket då skal trappast opp att.